Arbeid mot kjønnslemlestelse i region vest
Kjønnlemlesting av jentebarn er den mest vanlege form for tortur som har fortsatt i moderne tider og som fremleis vert omfamn som ein kulturarv utlevert frå generasjon til generasjon gjennom mange tusen år.
Kulturarven frå mor til datter kor mora sjølv erklærer handlinga som ”kjærleikens gåve” og difor er viktig ”overgangsritual” frå å vere barn til fullkommen (perfekt) kvinne som no kan lanserast som ei gifteklar ung kvinne.
Førebyggande arbeid:
Kompetanseheving med fokus på å kurse ulike instansar om forståing av kompleksiteten kring kjønnslemlesting av kvinner og jentebarn slik at ein kan utvikle gode interveneringsmetodar.
Synliggjering av at kjønnslemlesting er eit patriarkalskerklært kulturprodukt som legitimerar kontinuerleg undertrykking av kvinner som fortsatt lever i eit psykologisk forløp dei ikkje er seg bevisst (Chiku).
Gje gode og strategiske formidlingsmetodar ved å velge vekk utrykk /begrep som ”undertrykking”, ”vald”, ”tortur”, ”mishandling”, ”brudd på menneskerettane”, “primitiv” og “barbarisk” når ein arbeider med haldningsendringar direkte med målgruppa (slike uttrykk har ein annan betydning enn den dei fleste mødre ville gitt utrykk for når dei seier ja til å ”utsette” sine jentebarn for KLL)
RVTS Vest meiner at dersom ein vil lykkast må kampen mot kjønnslemlesting sjåast i sin heilheit med vekt på tre viktige punkt som er avhengig av kvarandre, har samme betydning og må prioriterast likt:
1. Kjønnslemlesting er kontroll over kvinner si seksualitet og legitimerar utøving av vald mot kvinner og jentebarn
2. Synliggjering av fertilitet som ritualisert barnemishandling
3. Det er patriarkalske faktorar i dei fleste praktiserande samfunn, difor er praksisen i seg sjølv undertrykkande for kvinner og brudd på kvinner og jenter sine menneskerettar.
Korleis har arbeidet i region vest vore så langt:
• Nær kontakt med hjelpeapparat på alle nivå
• Tilrettelegging
• Synleggjering av lovar og reglement
• Kompetansebygging om korleis formidle den gode dialogen
• Konstruktiv og gjensidig tillitsbygging for betre kommunikasjon
• Empowerment om eigen utvikling og deltaking i samfunnsspørsmål
• Rekruttering og rådgjeving på ulike arbeidsplassar
Konkret tiltak:
RVTS vest vil utvikle et program som skal ha som mål å fremje:
God helse, godt liv for alle
For å nå målet, vil RVTS Vest sikre ein kontinuerleg oppfølging med særleg vekt på:
• Interaktiv dialog og aktiv deltaking
• Familier som rollemodeller, far, mor, barn, besteforeldrene; ”gate keepers”
• Consensus ( decision making process) bygging blant dei råka gruppene
• Positive sosiale endringar skjer frå og innad i sjølve lokalsamfunnet – Sosiale endringar kan bli fremja gjennom å ansvarleggjere marginaliserte og sårbare grupper slik at dei kan bli aktive deltakarar i å forme deira eige liv og velvære
• Kjønnslemlesting er ein praksis som innebærer både fysisk og psykisk ødelegging, med korte eller langvarige komplikasjonar
• Kurs om kulturtradisjonar som er skadelige for helse (både menn og kvinner)og kvinner sine liv (kvinner og jentebarn)
RVTS vest vil halde jamnleg undervisning og kurs for personar som er interessert i å arbeide mot kjønnslemlesting av kvinner og jentebarn – som eit kvalifiserande tiltak til vidare arbeid mot KLL på eigne arbeidsplassar og i nær -og kulturmiljøet.
Kontaktperson: Chilku Ali Telefon: 93 26 21 11 E-post: ahmed.chiku.mkalu@helse-bergen.no