Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

28.04.16: Forebyggingsforum 2016

28/04/2016 @ 09:00 - 15:00

 woman
Stadig oftare kan vi lese om sjølvskading og sjølvmord i sosiale media. Tradisjonelle media har Vær Varsom- plakaten som rettesnor når dei skriv om sjølvmord. Omtale av sjølvmord og sjølvskading kan vere utfordrande i alle typar media. Både sosiale- og tradisjonelle media kan ha ei viktig sjølvmordsførebyggande rolle. Vi ønsker å setje søkelys på desse utfordringane med ­dagen: «Sjølvmord i media – utan filter?»

Målgruppe

Alle som jobbar med barn, unge og unge vaksne, samt journalistar og andre som er interessert i temaet.

Førelesarar

Foto: Paul Sigve Amundsen
Foto: Paul Sigve Amundsen

Bjørn Asle Nord er journalist med 25 års erfaring frå BT. Har jobba mykje med traumatiserte ­menneske.­­ Han har spesialisert seg på forteljande journalistikk. ­Saman med fotograf Håvard Bjelland har han laga boka «Gi meg heller livet», ein dokumentar om psykisk skadde soldat­veteranar.­

 

 

 

 

ReidunKNybø_150
Foto: Norsk redaktørforening

Reidun Kjelling Nybø er assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening. Ho har jobba mykje med temaet sjølvmord i media. I 2007 ga ho ut boka “Fra tabu til tema” om pressa si omtale av sjølvmord.

 

 

 

 

AnneMarita_150
Foto: Privat

Anne Marita Milde er psykologspesialist og har doktorgrad innan medisinsk og biologisk psykologi frå Universitetet i Bergen.
Arbeidsområde er innan undervisning og forskning ved RVTS Vest og UiB, i tillegg til klinisk verksemd i privat sektor. Ho er tilknytta fagteam sjølvmordsforebygging ved RVTS Vest.

 

 

 

Linda_150
Foto: Privat

Linda Øye er gründaren bak Fra offer til kriger, der ho brukar sine eigne erfaringar. Ho driv kurs saman med ein kurs­haldar­­ med fagkunnskap. Ho har (Fag)dagar utan fag – Om å bruke faglegheit utan fasit, for fagmiljø og helse­tenester. Har føredrag, og er aktuell, saman med musikar og kompis Jossi Markhus, med showet “Åpen dag på lukket avdeling” -Et humoristisk show om psykisk helse. Showet bygger på innlegg frå hennar ­erfaringar frå sjukehuset, med utgangs­punkt i hennar blogg ­“En titt over gjerdet”.

Slagordet til Fra offer til kriger er: Å våge, tro og drømme.

 

Foto: Olav Olsen
Foto: Olav Olsen

Ingeborg N. Senneset er journalist i Aftenposten, føredrags­haldar, utdanna sjukepleiar og tidlegare ­bloggar­ og redaktør. Ho jobbar med debatt, ­kommentar og nyhende samt sosiale media og digital utvikling. Senneset har markert seg innanfor tema som psykiatri,­ helse, menneske­rettar, kritisk tenkning, vitenskap, religion, vaksine­motstand, monarki, humanisme og medie­kritikk. Boken «Arbeids­tittel: anorektisk» omhandlar åra Senneset var innlagt på sjukehus, og kjem ut på Cappelen Damm hausten 2016.

 

 

Program

09.00 Registrering
09.30-09.45 Åpning ved Bjørn Asle Nord, og musikalsk innslag
09.45-10.30 Betraktninger rundt det å blogge om selvskading/selvmord, ved Linda Øye
10.30-10.45 Pause
10.45-12.00 Fra tabu til tema. Ta pulsen på selvmord i norske medier, ved Reidun Kjelling Nybø
12.00-12.45 Lunsj
12.45-13.30 Copycat? Hva sier forskningen? ved Anne Marita Milde
13.30-13.45 Pause
13.45-14.30 Erfaringer med selvmord og selvkskading fra avis og blogg, ved Ingeborg Senneset
14.30-15.00 Avslutning og oppsummering, ved Bjørn Asle Nord

Praktisk

Stad: Scandic Bergen City, Håkonsgaten 2

Dato: 28. april 2016 kl. 09.00-15.00

Påmeldingsfrist: 14. april 2016

Invitasjon med program til utskrift

Viktig
Dette er eit gratis arrangement, og du må gi beskjed seinast 14. april på rvts@helse-bergen.no dersom du likevel ­ikkje kan ­delta. Dersom du ikkje gir beskjed, vert du ­belasta med eit gebyr på 1000,-.

Elektronisk påmelding

Elektronisk påmelding

 

 

Detaljer

Dato:
28/04/2016
Tid
09:00 - 15:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Scandic Bergen City
Håkonsgaten 2
Bergen, Norge
+ Google-kart