Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

KURSET ER FULLTEIKNA! 21.-22.11.17: AIM2 Utgreiing

21/11/2017 - 22/11/2017

AIM2 (Assesment–Intervention–Moving on) er eit program for oppfølging av barn og unge med en skadelig seksuell atferd. Programmet er utvikla i England og er oversatt og bearbeidd til norsk av kompetansemiljøet V27, ved Betanien BUP i Fyllingsdalen.

AIM2 skal implementerast i Noreg, og det er V27 i samarbeid med dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS) som skal drive undervisninga. Programmet har fire kursmodular, som bygger på kvarandre. Introduksjonskurs (1 dag), utgreiingskurs (2 dagar), behandlingskurs (2 dagar), og instruktørutdanningskurs (2 dagar).

Målgruppene er noko ulike for dei enkelte kursa. Dersom man ønsker å ta ugreiings- og behandlingskurset, må man først ha tatt introduksjonskurset. Instruktørkurs forutset deltaking på alle kursmodular og vil kun vere åpen på invitasjon.

Hausten 2017 arrangerer vi introduksjonskurset AIM «Basic Awareness» og AIM2 Utgreiing i Hordaland.

Målgruppe for AIM2 Utgreiing:

Dei som jobbar med utgreiing og behandling f.eks barnevern, barnehus, ungdomsoppfølging, kommunepsykologar og BUP. Bør ha delteke på AIM Basic awareness, men ikkje eit absolutt krav.

Innhald:

Definisjonskontinuum (problematisk – skadelig seksuelle atferd), Trafikklys-verktøyet, ERASOR-verktøyet, historikk og framtid vedr. AIM2 verktøyet. Gjennomgang av utgreiingsrettleiaren for AIM2. Gjennomgang av skåringsledd. Skåring, vekting av ledd, finne ut av nivået på tilsyn- og oppfølgingsbehov-matrisa. AIM2 utgreiing for jenter, mentalt funksjonshemma, ungdom med fleirkulturell bakgrunn. Tryggleiksplanar.

AIM2 utgreiing er godkjent av Norsk Psykologforening som vedlikehaldskurs, 2 dagar x 6 t

Invitasjon i PDF

Påmelding Kurset er fullteikna!

Detaljer

Start:
21/11/2017
Slutt:
22/11/2017

Sted

RVTS Vest kurslokaler (1. etg)
Ulriksdal 2
Bergen, 5009 Norge
+ Google-kart