Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

21.01.20: DEMOKRATISK DANNING OG INKLUDERING I OPPLÆRINGA

21/01/2020 @ 08:30 - 15:30

Gratis

DEMOKRATISK DANNING OG INKLUDERING I OPPLÆRINGA –  FØREBYGGING AV RADIKALISERING MOT VALDELEG EKSTREMISME

Vestland fylkeskommune i samarbeid med RVTS Vest og RAFTO ønsker lærarar og andre tilsette i skulen velkomen til 3. kursdag og nettverkssamling i demokratisk danning og inkludering i opplæring- førebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme-  den 21. januar på Hotell Terminus, Forum. Samlinga er også open for tidlegare deltakarar som ønsker fagleg påfyll og oppdatering.

Kva ser vi- kva gjer vi?

Denne samlinga vil ha fokus på beredskap knytta opp mot radikalisering og ekstremisme i skulen.

Korleis møte elevar med ekstremistiske haldningar?

Korleis kan vi gjennom samtalar med ekstremistisk karakter unngå ein fordømande argumentasjon og tilretteleggje for alternative valg? Korleis bekjempe hatkriminalitet og kvar går grensa  mellom hatefulle ytringar og uønskte ytringar? Kva metodar og tiltak bør ein setje i verk i ulike radikaliseringssaker? Og når skal politiet koblast på? Dette er nokre av problemstillingane som vil bli vektlagt på fagdagen som vil innehalde både teori, øvingar og gruppearbeid, seier Elisabeth Harnes.

Innleiarar:

Solveig Høegh Krohn er utdanna gestaltterapeut  ved Norsk Gestalt institutt, som er ein offentleg godkjent høgskule. Ho har også ein Mastergrad i Peace & Conflict-studier frå Universitetet i Oslo, med psykologi og idéhistorie som dei viktigaste faga i emnekretsen.

Pål Tore Haga er radikaliseringskontakt i Vest politidistrikt og medlem i TOT (tverretatlig operativ team) Radikalisering i Bergen kommune. Haga er fagleiar for det førebyggande arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme i Vest politidistrikt. Haga har mangeårig bakgrunn som etterforskar og har vidareutdanning innan kriminalførbyggande politiarbeid ved politihøgskulen.

Elisabeth Harnes er spesialkonsulent i tvungen migrasjon og flyktninghelse og koordinerer RVTS Vest sitt arbeid om radikalisering og valdeleg ekstremisme. Harnes har MA i religionsstudier, BA med fordjupning mig. pedagogikk og er utdanna familieterapeut med vidareutdanning i sensorimotorisk psykoterapi.  Ho har fleire år erfaring frå terapeutisk arbeid med straffedømte ungdom og vaksne i USA, psykososialt arbeid i Kenya, minoritetsrådgjevar i IMDi, høgskulelektor og lærar for nyankomne innvandrarar.

Påmelding

Frist: 17. januar 2020

Detaljer

Dato:
21/01/2020
Tid
08:30 - 15:30
Kostnad:
Gratis

Sted

Hotel terminus
Zander Kaaes gate 6
Bergen, 5015 Norge
+ Google-kart