Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

07.06.18: Suicide to hope (S2Hope)

07/06/2018 @ 08:30 - 16:00

Suicide to Hope (S2Hope) er eit kurs for klinikarar som arbeider med personar som er eller har vore suicidale (sjølvmordstankar/-forsøk).

Kurset er utvikla av Livingworks i Canada og vert administrert av VIVAT selvmordsforebygging (UNN) i Noreg. S2Hope er eit relativt nytt kurs som VIVAT ønsker å implementere i Noreg. Kurset vart pilotert i 2017 med gode tilbakemeldingar fra kursdeltakarane.

Dei siste 10 åra har det innan psykisk helsevern og rus vore eit auka fokus på kartlegging og vurdering av sjølvmordsfare, men det har vore begrensa fokus på korleis ein som klinikar kan jobbe med suicidalitet. På kurset S2Hope lærer deltakarane korleis ein kan arbeide terapeutisk med sjølvmordserfaringane for å unngå framtidig suicidalitet samt fremje recovery og vekst.

På kurset lærer deltakarane å:

  • Beskrive korleis sjølvmordserfaringar gir muligheit for recovery og vekst
  • Bevisstgjering i forhold til korleis eigne kvalitetar som hjelpar kan påvirke recovery og vekst
  • Nytte S2Hope-modellen for å lage eit rammeverk for å monitorere og koordinere arbeidet med recovery og vekst

S2Hope er eit dagskurs (7,5 timer). Kurset er på norsk, men det har engelsk kursmateriell (kurshefte og filmar). Det forutset at deltakarane beherskar engelsk på eit rimeleg godt nivå.

Kursleiar:

Anne Silviken, psykologspesialist/ Ph.D, Samisk nasjonalt kompetansesenter – psykisk helsevern og rus (SANKS, Finnmarkssykehuset)/Senter for samisk helseforskning, UiT/ VIVAT (UNN).

Silviken har erfaring frå forskning, forebygging og klinisk arbeid innan sjølvmordsproblematikk, med særskild kompetanse i forhold til den samiske befolkninga.

Påmelding innan 24. mai:

Kursavgift: 1000,-

Meld deg på

Detaljer

Dato:
07/06/2018
Tid
08:30 - 16:00

Sted

RVTS Vest kurslokaler (1. etg)
Ulriksdal 2
Bergen, 5009 Norge
+ Google-kart