Aktuelt
Adventskalender med musikkleiken i fokus
- 28/11/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn Nettressurs Psykisk helse Ressurs på nett
Musikkterapeut Gunn Karoline Fugle (t.v) har leikt mykje med barn og tilsette i Tusenfryd barnehage i Førde. Foto: Mediekollektivet
– Det er kunnskapen om musikkleiken sitt utviklingsfremjande potensiale vi har teke med oss inn i utforminga av adventskalenderen.
Det seier musikkterapeut Gunn Karoline Fugle, klinisk sosionom Inge Nordhaug og psykologspesialist Dag Nordanger.
Saman med Tusenfryd barnehage i Førde, har dei laga ein adventskalender for barnehagar. Kalenderen inneheld videoar av musikkleikar ein kan gjere saman med barn på dagane i adventstida. Leikane har eit fagleg grunnlag i perspektiv frå utviklingspsykologi og musikkterapi. Kalenderen er laga mest med tanke på barnehagar, men kan også nyttast som ei ressurskjelde av alle som har omsorg for barn. Saman med adventskalenderen er det også laga ein “bruksanvisning”.
Leik som inngang til livet
– Barn lærer seg å forstå og komme inn i verden gjennom leik. Dei leikar åleine eller saman med andre, og ofte med stor kreativitet. Ingen ser dette betre enn dei som arbeider i barnehage, seier Inge Nordhaug. – Det har vorte stadig meir merksemd på kor viktig denne leiken er for kognitiv og sosial utvikling, og kor mykje vaksne si rolle i høve leiken kan bety.
– Barn treng på den eine sida leik dei får utvikle fritt saman med andre barn, der den vaksne tek ei meir følgjande rolle, understøttar initiativa, og hjelper barn som står utanfor, inn i leiken, seier Inge. – Samstundes har alle kulturar, til alle tider, utvikla meir strukturerte leikar. Mange av oss har vakse opp med leiar som gøymespel, slå på boksen og kongen befalar. Slike leikar har også ein utviklande funksjon, fortel Inge. – Folkeviseleikar og dansetradisjonar er også viktige berarar av identitet og tilhøyrsle til familie og kultur.
– I dag kan slike leikar fort tape konkurransen mot nye digitale leikemidlar, samstundes som dei i aukande grad vert løfta fram av forsking på kva som fremjar barn si utvikling, seier han.
Det utviklande i rytme og rørsle
Gunn Karoline Fugle fortel at leikane i kalenderen har i seg musikk, rytme og rørsle. – Dette er kjenslespråket vårt, og vi har alle erfart korleis det kan knyte band og fremje kontakten mellom oss. Tonane og rytmane når inn til oss, bærer oss ut, og fører oss vidare, seier ho.
– Reint kroppsleg bidreg det til motorisk utvikling og fremjar barn sin koordinasjon. Det er også sosialt utviklande, ved at ein får øvd seg på å finne sin plass i ei gruppe, og lærer seg å tilpasse seg og samhandle med andre, seier Gunn Karoline. – Forsking viser faktisk at all læring vert fremja når den skjer på ein glede- og leikfull måte, der rytme og rørsle er involvert. Dette gjeld om ein skal lære seg klokka, vekedagar og årstider, eller om ein skal lære seg tal og bokstavar.
– Det mest utviklande er nok likevel opplevinga av fellesskap og tryggleik som kan skapast rundt musikk, rytme og rørsle, seier Gunn Karoline. – Forskinga på til dømes musikkterapi viser kor stor betyding det kan ha for dei som føler seg utanfor, eller som strevar sosialt og emosjonelt, seier ho.
Musikksamspel og hjerneutvikling
– Dei seinare åra har hjerneforsking bidrege med mykje kunnskap om kvifor musikk, rytme og rørsle er så utviklande, fortel Dag Nordanger. – På ein måte kan ein seie at det handlar om at musikksamspel tek i bruk den naturgjevne «oppskrifta» som ligg der for hjernen si utvikling.
– At barn frydar seg over leikar som «Ride ride ranke», «Ro ro til fiskeskjær» eller «Kjem ei lita mus», er ikkje tilfeldig, seier Dag. – Det er heller ikkje tilfeldig at dei i større grad enn vaksne oppsøker rytmiske leikar, som det å disse/huske. Det er fordi slike sanselege og rytmiske aktivitetar gjev den stimuleringa hjernen og nervesystemet deira treng for å utvikle seg.
– På same måte er barn skapte til å appellere til å få rytmiske og sanselege erfaringar frå oss vaksne når dei er redde, lei seg eller frustrerte, seier Dag vidare. – Og som vaksne er vi skapte til å reagere ved å gje dei nettopp det dei treng. Vi løftar dei opp, byssar dei i ein bestemt rytme, stryk dei over hovudet, og snakkar varmt til dei med ein bestemt musikalitet i stemma. I det heile får dei ein stor rikdom av rytmiske og sanselege opplevingar.
Dag fortel at musikk er blant dei formene for stimulering som rører ved flest områder av hjernen.
– Og kopla med rytme og rørsle er det nærmast slik at alle delar av hjernen er aktivert. Då kan ein forstå kor stort utviklande potensiale det har når alt dette vert kopla til kjensla av glede, tryggleik og fellesskap. Dette er utviklande for alle barn, men barn som har hatt det utrygt tidleg i livet vil trenge det i ekstra stor grad, avsluttar han.
Kalenderen har vorte til i eit samarbeid mellom RVTS Vest, Tusenfryd barnehage i Førde, og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som har finansiert arbeidet.