Aktuelt
Som mentorar skal ein hjelpe til å vise veg, å gjere trygg og vere ein god innflytelse
- 14/08/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Enslig mindreårige Flyktninghelse Integrering Kultursensitiv Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme
– Korleis kan ein hjelpe andre når ein sjølv ikkje har motteke hjelpa ein har hatt behov for? spør David Martinez, leiar i Møhlenpris idrettslag (M.I.L).
Gjennom M.I.L ønsker han å tilby fleirkulturell ungdom med kort fartstid i Noreg eit fellesskap som blir ein naturleg erfaringsarena for empati, inkludering, ansvarstaking og utvikling av gode samfunnsborgarar.
– Å vere ein del av noko større enn seg sjølv er det sterkaste fundamentet som finnast for å kunne snakke om og meistre vanskelege tankar og kjensler. Våre vonde historiar blokkerer ofte for å hugse og vere medviten på alt det gode ein kanskje også har opplevd i livet. Saman må vi framkalle og skape ressurshistoriar og sørge for at dei overskuggar problemhistoriane, sier Elisabeth Harnes frå RVTS Vest.
For tredje året på rad har M.I.L arrangert sommarleir for Einslege Mindreårige Ungdom om forebygging av utanforskap og ekstremisme. Leiren er ein del av eit større prosjekt, og er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Møhlenpris idrettslag, RVTS Vest og politiet.
Jeg ønsker å gi kjærlighet til mine venner og hjelpe dem når de har det vanskelig. Det er en stor gave for meg å kunne få lov til å hjelpe.
Juniormentor, M.I.L
På årets leir har 15 juniormentorar, kor majoriteten har bakgrunn frå Afghanistan, Somalia og Eritrea, delteke på workshop for å auke sin halding- og handlingskompetanse i psykisk helse og forebyggande arbeid. I programmet har Francois Elsafadi bidrege med engasjerande workshop om mentorrolla og livsmeistring, medan Elisabeth Harnes frå RVTS Vest har leia workshop om psykisk helse og den narrative metoden « Livets Tre».
– Framkalling av iboande ressursar, empatisering, verdiar, håp og draumar har vore eit viktig fokus, men vi har også definert «stormar» i livet– diskutert utfordringar og løyst caser om diskriminering, fordommar og framandgjering, seier Elisabeth. – Det er viktig å normalisere psykisk helse og poengtere at det er noko vi alle har. Evne til å uttrykke og forstå eigne tankar, kjensler og atferd er heilt grunnleggande for å kunne regulere seg sjølv og vidare skape gode relasjonar til andre. Å øve seg på sosial meistring og integrasjon i eit trygt fleirkulturelt fellesskap som M.I.L, utrustar ungdommane med betydningsfull sosial stønad og kulturkompetanse som kan redusere psykiske vanskar, seier Elisabeth.
Stina Ihle Amankwah (koordinator i M.I.L) og Bano Abdulraham (Bergen Moské) som begge er mentorar frå RVTS Vest si mentoropplæring mot radikalisering og ekstremisme, har vore sentrale medarbeidarar under leiren og har begge bidrege med underhaldande “icebreakers” og haldingsskapande øvingar for juniormentorane.
– Det er fantastisk å få lov til å vere saman over tid og å kunne sjå ny kunnskap bli fordøyd gjennom organiske samtalar og spontane handlingar. Det er sjelden å sjå store grupper unge menn vise så mykje omsorg seg i mellom. Eg er stolt av at vi saman kunne skape eit rom kor dette vart ein norm heller enn eit unntak, seier Stine Ihle Amankwah.
Gullkorn frå leiren:
Gi oss en sjanse til å vise at det finnes gode mennesker som bryr seg.
Bilete frå leiren:
[wds id=”3″]