ALDERDOM MED TRYGGHET

Dette kurset er for: fagpersonar frå heimeteneste og sjukeheim

Om kurset
Eldrevald og sjølvmord blant eldre er vanskelege tema å ta opp. Mange eldre er utsatt for forskjellige typar for vald. Samtidig vil dei fleste eldre som tar sjølvmord, oppsøke helsetenester dei siste seks månadane før dødsfallet.
Difor er det svært viktig at helsepersonell har god kjennskap til disse områda av eldreomsorgen.

«AMT» er eit program laga for auka kompetanse om vald mot eldre og sjølvmord blant eldre, og vidare implementering av denne kunnskapen. Kurset går over 7 heile dagar.

Gjennom kurset vil fagpersonar som i si yrkesutøving står overfor utfordringar knytt til eldre menneske, være i stand til å hjelpe dei som er valdsutsett og/eller sjølvmordsutsett.
Det inneber bevisstheit om ansvarleg oppfølging, korleis oppdage og intervenere tidlig og å medverke til betre livskvalitet.

Vi ønskjer ei heilsleg tilnærming i arbeidet med eldre i kommunen. Difor føreslår vi ei tverrfagleg samansett gruppe som får opplæringa saman. Dette lar oss flytte fokus, frå dei enkelte tenesteområda til ei meir overordna tilnærming.
Ei tverrfagleg gruppe kan fungere som ressursgruppe på feltet. Dei skal kunne halde kurs for andre tilsette i tenestene, og kunne bidra i vanskelege enkeltsakar.

Mål
Opplæringa gir heimetenester og sjukeheim gode verktøy for å arbeide med valds- og sjøvmordsforebygging blant eldre. Deltakarane vil få auka haldnings- og handlingskompetanse innan førebygging av utfordringar knytt til tema.

Eit sentralt mål er også at deltakarane blir i stand til å lede refleksjonsgruppe for sine kollegaer om tema.

Alderdom med trygghet

Kursplan
RVTS Vest gir opptil 20 tilsette frå heimebaserte tenester og sjukeheim i kommunen kursleiaropplæring.
Omfang av opplæringa er totalt 7 dagar i løpet av perioden: 2 + 2 + 2 dagar kursopplæring, samt 1 refleksjonsdag etter at alle kursleiarane har gjennomført eitt kurs for personalet i heimebaserte tenester/sjukeheim.

Dag 1/2: Fagdagar om vold og sjølvmord

Dag 3/4: Gruppeleiarkurs (eldrevold)

Dag 5/6: Gruppeleiarkurs (sjølvmord)

Dag 7: Refleksjon

Etter kurset er deltakarane i stand til å leie sine kollegaer gjennom kursinnhaldet.
Etter kurset skal to og to deltakare leie refleksjonsgrupper, basert på fagdagane om eldrevold og sjølvmord. Slik vil dei kunne spreie viktig kunnskap om førebygging av vald og sjølvmord blant eldre – vidare til andre tilsette i tenestane.
Deltakarane vil få tilgang til ressursar som kan brukas fleksibelt i opplæring av tilsette, etter kva behov dei enkelte tenestene har.

Kontakt

Alderdom med trygghet

Geir Olsen
Nestleiar

Telefon: 95 27 67 29
E-mail: geir.johnny.olsen@helse-bergen.no