Målgrupper

Målgrupper

Skule og barnehage

Skule og barnehage er sentrale møteplassar for born og unge. Våre tenester kan vere med å styrke dei tilsette i tidleg avdekking og arbeid med traumatiserte born og unge.

Målgrupper

Barne- og familievern

Barne- og familievernet utgjer eit sikkerheitsnett for born og familiar som lever under særs vanskelege tilhøve. Kompetanseheving for desse tenestene er ein viktig del av senteret sitt oppdrag.

Målgrupper

Arbeid med flyktningar

Flyktningar, asylsøkjarar og immigrantar med fluktbakgrunn er ei heterogen gruppe. Problema som den enkelte har, krev ofte kompetanse utover eitt fagområde.

Målgrupper

Helse (1. 2. og 3. linje)

RVTS Vest inngår i samarbeid med eit breidt spekter av helsetenester – med fokus på heile livslaupet.

Målgrupper

Psykososial beredskap

Psykososial bistand etter større eller mindre hendingar er eitt av tenesteområda til RVTS Vest. Psykososial førstehjelp, identifisering av råka personar med behov for behandling samt generell psykisk traumekunnskap vert gitt i form av undervisning og rettleiing. Vi kan og gje råd om organisering av tenestene. Kommunale psykososiale kriseteam, naudetatar, ideelle og andre organisasjonar er blant våre målgrupper.

Målgrupper

Andre viktige aktørar

Politi, kriminalomsorg, rettsvesen, forsvaret, NAV, Statens barnehus, frivillige organisasjonar, trussamfunn, Krisesentra og Senter mot incest og seksuelle overgrep er døme på viktige aktørar innanfor temaområda våre.