Aktuelt
Ressursportalen for deg som arbeider med asylsøkjarar og flyktningar
- 24/01/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt

Redaksjonsgruppa for flyktning.net møttest til workshop i Tromsø 16. og 17. januar, der alle rvts-ane var representerte. Her arbeidde vi med vidareutvikling og oppdatering av portalen.
Asylsøkjarar og flyktningar lever under spesielle livsbetingelsar. Kunnskap om dette er avgjerande for å gje god hjelp.
Flyktning.net er ein ressursportal om asylsøkjarar og flyktningar meint for alle som møter flyktningar og asylsøkjarar i sitt arbeid.
Å vere flyktning
Hovudfokus i Flyktning.net knyter seg til det spesifikke med å vere ein flyktning; flyktningrelaterte erfaringar, livsbetingelsar og hjelpebehov. Dette er skildra i flyktningars reise, samt i kapittel om kommunikasjon, rettar og psykososial oppfølging.
Det er òg mange andre forhold som kan røre enkelte flyktningar og asylsøkjarars liv, men som ikkje primært handlar om å vere ein flyktning. Eit avgrensa utval av slikt fagstoff er samla under relaterte tema. Under ressursbanken har vi samla appar, e-læringsprogram, filmar, manualar, rettleiarar, undervisnings- og sjølvhjelpsmateriell som òg finst elles i portalen.
Relevant:

Trenger du hjelp til å finne fagstoff om det DU lurer på?
Kontakt Elisabet Harnes, elisabeth.harnes@helse-bergen.no