Aktuelt
Mentornettverkssamling med fagleg påfyll om tortur og de-radikalisering
- 10/03/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
F. v: Mentor Frode Gudvangen, Elisabeth Harnes og Anders Geertsen, psykolog.
Korleis heng ekstremisme og tortur saman? Kva vi gjere for å behandle og hjelpe ein torturoverlevar? Og korleis samhandlar psykiatri og mentorar i eit de-radikaliseringsløp?
Dette var nokre av problemstillingane RVTS Vest sitt mentornettverk mot radikalisering hadde fokus på ved forrige mentornettverkssamling, med både regional og nasjonal deltaking frå rundt 20 kommunar.
Tortur og ekstremisme
– Det har vore lite fokus på tortur i innanfor feltet radikalisering og valdeleg ekstremisme i Noreg, seier Elisabeth Harnes.
– Samtidig er radikaliseringssaker kor tortur er ein del av ein person sine livsbelastningar, ikkje uvanleg. Difor er det viktig å utruste mentorane med innsikt i tortur som fenomen og den potensielle koplinga mot ekstremisme.
– Moralsk forargelse (moral outrage) sjåast som ein av fleire sentrale faktorar i radikaliseringsprosesser og er ein reaksjon på ei opplevd krenking (Sageman). Eit døme på dette er torturen som muslimar i Abu Ghraib-fengselet i Irak og i fangeleiren på Guantanamo Bay i Cuba har vore utsatte for, eller regimemotstandarar i Iran.
Mens dei torturerte meg, sa dei: «kva kallar du dette gut, du må ikkje kalle det tortur, eg gjer deg ei teneste fordi jeg rensar deg for synden du har begått. Du blir straffa og for kvart piskeslag eg slår dess større blir paradiset.” Det verste når eg låg der med bind for augene og slått til blods, var hviskinga i øret om at mine foreldre led på grunn av meg.
Tidlegare regimemotstandar fengsla i til saman 4 år, med første opphold som 12- åring.
Sjelden fanga opp
Tortur er ei oppleving som ikkje forsvinn, sjølv om ein har blitt kartlagt og rehabilitert. I mange av tilfellene forblir gjerne erfaringa i isolasjon, og for mange er det forbunde med sterk skam, tilbakevendande minne og somatiske smerter. Vi veit at hensikten med tortur er å bryte ned personer eller ofte eit heilt folkeslag. Det er dei usynlege sporene som er det mest krevjande å leve vidare med. Samtidig blir sakene sjelden fanga opp av hjelpeapparatet.
– Tortur, vald og krenkingar på systemnivå eller frå fienden- kan føre til kognitive opninger for valdelige ekstremisme, men det kan også gi næring til eit livskall om kampen frå undertrykking til demokrati, fortel Elisabeth Harnes.
Dette vart belyst i panelsamtalen med torturoverlevar frå Iran. Derfor ligg mykje i rehabiliteringen utover naudsynt helsebehandling om å bygge opp individet igjen med fokus på sjølvverd og integrasjon.
Alliansebygging og samhandling
Alliansebygging og samhandling mellom psykiatri og miljøterapeutisk mentorering i de-radikaliseringsløp var tema for ei dialogsamtale under samlinga.
Klinisk psykologspesialist, Anders Lundesgaard frå RVTS Nord, hadde eit innlegg om psykologisk sårbarhet i radikalisering, som la eit godt fagleg bakteppe for påfølgande dialogsamtale med klinisk psykolog, Anders Geertsen frå BUP Voss og mentor Frode Gudvangen.
Anders og Frode gav eit komplekst og førebiletleg innblikk i korleis alliansebygging og samhandling mellom psykiatri og miljøterapi kan skape ei tryggare behandling for personar som er i ein de-radikaliseringsprosess.
– Om du som psykolog klarar å møte personen gjennom å tenke at det viktigaste for eit menneske er eit anna menneske, kan vi i fellesskap auke vår handlekraft. Utan mentor hadde personen vore åleine i verda utan støtte mellom tidvis krevjande behandlingstimar, sa Anders Geertsen.
Mennesket bak kamuflasjen
Møtet med menneske som har ekstreme uttrykk, haldningar og sjargongar, kan vere utfordrande for mange terapeutar. Det er ikkje uvanleg at ein klient avbryter behandlinga på grunn av terapeuten sin reaksjon på klienten si framtoning. Når ein høgalarmert klient i tillegg kjem iført militæruniform, kan det utløyse ein varsellampe for mange behandlarar. Men for Anders, som både er psykolog og brannmann, er han vant til å handtere ekstreme situasjonar. For han blir det viktig å komme i kontakt med det sårbare menneske bak kamuflasjen. Kva treng denne personen? Ofte handlar det om grunnleggande behov, som å kunne sove etter endelause netter prega av flashbacks.
I dette samarbeidet var det viktig å kople på mentor både før og etter behandlingstimane. Ikkje berre for å sikre oppmøte, men også for å unngå isolasjon og einsemd. Dette kunne innebere ein spasertur, å nyte eit måltid saman eller berre å sitte saman i bilen og prate. Målet i deira samarbeid var å sikre at pasient ikkje var alene med noko som kunne blitt farleg i isolasjon, samtidig som dei skapte eit fellesskap som kunne handtere det vanskelege.
Mentoropplæring og nettverkssamlingar
Utskolerte mentorar frå den nasjonale mentoropplæringinga om radikalisering mot valdeleg ekstremisme, blir del av eit mentornettverk, kor RVTS Vest koordinerer jamnlege samlingar med fagleg påfyll.