Ein god midlertidig heim
Kompetanseprogram for tilsette i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar
Ein god midlertidig heim er eit kompetanse-utviklingsprogram for tilsette i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar.
Arbeidet bygger på̊ tidligere erfaringer med Et godt midlertidig hjem (Utvikla av RVTS Sør) og Veileder i traumebevisst og relasjonsbasert omsorg. Programmet vert gjennomførd i kvart enkelt mottak og er for alle tilsette.
Det skal vere eit innleiande og avsluttande møte med mottaksleiar, barnefagleg ansvarlege og evt.
andre fagansvarlege i kvart enkelt mottak, samt kontakt med leiing undervegs i prosjektperioden.
Målet med opplæringen:
Bidra til eit fagleg godt omsorgstilbod for einslege mindreårige asylsøkjarar i mottak.
Læringsmål:
- Utvikle kompetanse, verdiar/haldningar og ta i bruk enkle metodiske verktøy som gir grunnlag for god traumebevisst- og relasjonsbasert omsorg
- Styrke barne- og flyktningefagleg kompetanse.
- Meistrings- og ressursfokus i kvardagen med auge for kva ungdommane lykkast og bidreg med
- Støtte ungdommane i daglege utfordringar, deira uavklarte livssituasjon og håp for fremtida
- Medvirke til trygge og ivaretakande vaksne som er sensitive for ungdommane sine behov
- Auka forståing og tryggleik i møte med brukarar som har opplevd omfattande traumatisering
- Fokus på arbeidsmiljø og trivsel, som eit viktig grunnlag for å stå samla og godt rusta til å vere gode hjelparar
- Forstå samanheng mellom traume og reaksjonar
- Felles språk, forståing og tilnærming
Programmet kan tilpassast lokalt etter behov på̊ det enkelte mottak.
Kontaktpersonar for Ein god midlertidig heim:
Patrick O'Loughlin
PsykologspesialistSidar Kartal
SpesialkonsulentProgram for samlingane:
Avklaringsmøte
Møte i forkant av Samling 1, varer i 2-3 timar. På møtet deltek mottaksleiar, barnesakkyndig ansvarleg og evt. andre ressurspersonar. Målet med møtet er
å forankre kompetanseutviklingsprogrammet.
Samling 1: Grunnkurs i traumeforståing
2 dagars grunnkurs i traumeforståing og traumebevisst omsorg. Kurset er særleg tilpassa arbeid med flyktningar og asylsøkarar.
Samling 2: Verdi- og haldningsarbeid. Traumebevisst- og relasjonsbasert omsorg i eit flukt- og migrasjonsperspektiv.
Arbeid med verdibasert og haldningsorientert arbeid som grunnlag for traumebevisst- og relasjonsbasert omsorg.
Samling 3: Narrativ praksis. Tankekart med tilsette. Sjølv- og kollegahandsaming
Innføring i forståing av narrativ tilnærming og praksis, og arbeid med Tankekartet som metode. Fokus på sjølvhjelp og korleis kollegaer kan støtte kvarandre. Praktiske øvingar.
Samling 4: Narrativ praksis. Tankekart med ungdomane
Arbeid med ungdomar og tilsette saman, der ungdomane jobbar med sine individuelle Tankekart.
Samling 5: VIVAT
Vivat gir kunnskap om sjølvmordsåtferd og viser ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Kurset gjev høve til å verte meir bevisst eigne haldningar til sjølvmord. Praktiske øvingar er sentrale i kurset.
Oppsummering og evaluering
Erfaringsinnhenting med mottaksleiar og barnesakkyndig ansvarlege og evt. andre ressurspersonar.
Samling 6 og 7: Oppfølgingsdagar
Tema for desse dagane blir planlagt i samarbeid med mottak og ut frå deira behov.