Aktuelt
Traume og triggarar ut til folket!
- 27/10/2023
- Av: Steinar Hval
- Kategori: Fredagsfokus
Var det enklare før, då traumefeltet tilhøyrde og vart drive av spesialistar? Då skiljet mellom psykisk helsearbeid og skule/utdanning var tydelegare? Var det ikkje enklare når ansvarsområda var relativt avklara?
Vi er ikkje så sikre på det. Det er det same barnet som går på skule, i barnehage, til fotballtrening, til legen og spesialisthelseteneste. Eit heilt menneske som ikkje stykkevis og delt befinner seg her eller der. Kva barnet opplever i familien og på skulen, påverkar behandling og tilfriskning – behandling og tilfriskning påverkar familien og skulen.
Traumebearbeiding skjer ikkje først og fremst i den klokketimen barnet sit i terapirommet – i alle fall ikkje om du spør hjernen.
Traumebearbeiding skjer heile tida – ei bearbeiding alle rundt barnet kan legge til rette for.
At kunnskap om traume og triggarar tilhøyrer skular, barnehagar og i barneidretten? Ja, sjølvsagt!
Sendingen gikk 27. oktober 2023.
I panelet:
Steinar Hvål, psykologspesialist
Mette Garmannslund, psykologspesialist
Linda Kvalvik, områdeleiar for Barn og unge
Beate Gauden, spesialkonsulent