Aktuelt
Kompetanseprogram for kriseleiarar – ny runde med opplæring
- 15/01/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Kurskalender
RVTS Vest tilbyr eit kompetanseprogram om psykososial kriseleiing, kor det primære fokuset er på det mellommenneskelege perspektivet.
Relasjonar, kommunikasjon og samspel kan by på utfordringar for dei fleste av oss i arbeidskvardagen. Dette kan vere ekstra utfordrande, og samtidig avgjerande når vi må handtere kritiske hendingar.
Kriseleiing inneber to sentrale utfordringar; 1) konsekvensane av sjølve hendinga(ne) i samspel med avgjerdene som vert fatta, og 2) møtet med sterke emosjonar.
Kriseleiing – viktig kunnskap
Å ta avgjerder under ei pågåande krise har ofte større konsekvensar enn i normalsituasjonar. Samtidig vekker alvorlege hendingar sterke kjensler hos både dei ramma og hjelparane.
Gjørv-kommisjonen påpeikte i sin rapport etter 22. juli 2011, at den største læringa når det gjeld krisehandtering, var knytt til leiing, samhandling, kultur og haldningar (22-juli kommisjonen, 2012). Kriseleiing blir her sett på som noko meir avgjerande enn mangel på ressursar, behov for ny lovgjevnad, organisering eller store verdival.
Leiarskap under ei krise stiller store krav til deg som leiar. Både når det gjeld handtering av ein uoversiktleg situasjon, samt i møte med eit stort spekter av emosjonar; sorg, sinne, redsel og avmakt. I tillegg vert det forventa at du handterer eit relativt pågåande nyheitsmedia. Kva med dine eigne følelsar og reaksjonar i ein slik samanheng, korleis handterer du det?
Målgruppe
Kriseleiarar i offentlege verksemder, leiarar av kriseteam og øvrig kommunal kriseleiing, grupper med innsatspersonell (helse, politi), forsvaret, frivillige organisasjonar og andre relevante etatar.
Mål
Hovudmålet med programmet er at deltakarane utviklar sin mellommenneskelege kompetanse som kriseleiar og får betre grunnlag for å lykkast når det skjer ei krise.
Omfang
Kompetanseprogrammet går over eitt år, og inneheld 4 samlingar á 2 dagar og ei 3-dagars-samling.
Forventa nytteverdi
Gjennomføring av programmet vil:
- gi auka kompetanse hos personar som har leiarfunksjon ved kriser og katastrofar i organisasjonar
- bidra til auka samarbeid på tvers av organisasjonar
- gi leiarar frå samarbeidande tenester ei betre forståing av ulike roller og funksjonar ved kriser og katastrofar, og slik betra samarbeid på tvers av tenester og profesjonar
- gi ein muligheit til å bli «betre kjent med seg sjølv» under trygge rammer
- gi ein grundig praktisk trening i kriseleiing. Deltakarane får leiartrening i ei gruppe, med særleg fokus på personleg utvikling, samhandling, psykososiale ferdigheiter, tryggleik i leiarrolla og stresshandtering
- gi ein innføring i handtering av nyheitsmedia og sosiale media
- gi leiarar eit høve til å fortsette i eit nettverk etter at programmet er gjennomført
Idé og innhald i leiarprogrammet har vore gjennomgått og drøfta med erfarne leiarar frå ulike relevante instansar (kriseteam, politi og forsvaret) samt anerkjente forskarar på fagfeltet. Programmet vart fyrst gjennomført frå februar 2023 til februar 2024. Tilbakemeldinga frå deltakarane var svært positiv, noko som var ein viktig faktor for avgjerda om å tilby det ein gong til.
Programansvarlege er Venke A. Johansen, RVTS Vest, Geir Olsen, RVTS Vest ogpsykologspesialist Tone Bergan.
Andre forelesarar:
- Ole Asbjørn Fauske President for Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO), – landets største veteranorganisasjon.
- Atle Dyregrov Professor emeritus ved Senter for krisepsykologi
- Olav Kjellevold Olsen Professor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved UiB – og Handelshøyskolen BI
- Hans Kenneth Sundsbø Sjefsprest og leder Forsvarets tros- og livssynskorps i Sjøforsvaret
- Roar Nese leder Beredskapsrådet for kunnskapssektoren i regi av Kunnskapsdepartementet
Praktisk
Deltakaravgift: 20.000,- Deltakaravgifta inkluder dagpakkar på samlingane. Reise- og oppholdsutgifter er ikkje inkludert. Deltakaravgifta inkluderer dagpakkar på samlingane. Utgifter til reise- og opphold er ikkje inkludert.
Frist for påmelding er 3. april. Send e-post til venke.a.johansen@helse-bergen.no. Faktura vert tilsendt etter tildelt plass, og må betalast før oppstart.
Maks tal deltakarar: 24