Aktuelt
Septemberkonferansen 2024: Traumer og dissosiasjon
F.v: Mette E. Garmannslund, Jorunn Helle og Sylvi R. Fiskerstrand. Alle er psykologspesialistar ved RVTS Vest, og fagleg ansvarlege for Septemberkonferansen 2024.
Korleis kan vi forstå traumerelatert dissosiasjon, og kva treng menneske som er utsette for gjentatt traumatisering?
– Det er dette årets Septemberkonferanse skal bidra til å finne svar på, seier Mette E. Garmannslund, Jorunn Helle og Sylvi R. Fiskerstrand, som er fagleg ansvarlege for Septemberkonferansen 2024.
Kva er dissosiasjon?
– Dissosiasjon er mennesket si ubevisste evne til å handtere overveldande og svært traumatiske hendingar. Dette er ikkje viljestyrt, men noko som skjer når vi blir utsette for påkjenningar som det ikkje er mogleg å ta inn over seg, seier Sylvi Fiskerstrand.
– Særleg hos menneske som opplever gjentatt traumatisering over tid, kan dissosiasjon bli einaste overlevingsstrategi. Barn som blir traumatiserte av nære omsorgspersonar er ekstra sårbare, då det som skal vere den trygge hamna blir kjelda til frykt. Barnet får behov for å halde traumeopplevingane atskilde frå det som skjer elles i livet, og får vanskar med å vekse opp som ein samla integrert person.
Kvifor dissosiasjon som tema på Septemberkonferansen?
– Det er framleis usikkerheit kring korleis ein skal forstå traumerelatert dissosiasjon, og korleis vi kan hjelpe barn, ungdommar og vaksne som har måtta beskytte seg gjennom dissosiativ fråkopling og oppdeling, seier dei.
– Målet med konferansen er å bidra til auka forståing for traumerelatert dissosiasjon, og korleis dette kan kome til uttrykk. Vi har henta inn nokre av dei fremste nasjonale og internasjonale kapasitetane på dissosiasjonsfeltet, for å hjelpe oss med å bli klokare. Fokuset er både på auka kunnskap, tiltak og behandling i vid forstand. Vi har brukarstemmer som fortel om eigne erfaringar, slik at vi kjem tettare på korleis det er å leve med dissosiative utfordringar.
Målgruppe
Septemberkonferansen favnar breitt i forhold til tema og målgrupper, og rettar seg mot alle som gjennom sitt arbeid kjem i kontakt med barn eller vaksne som har opplevd gjentatt traumatisering.
– Vi ønskjer at hjelparar skal føle seg tryggare i møte med dissosiasjon, og ha gode verktøy og relasjonelle ferdigheiter som er helande for menneske med omfattande traumeerfaringar, seier dei.
Parallelle workshops + Septemberkonferansen in a nutshell
– Den 4. september arrangerer vi to parallelle workshops for helsepersonell som jobbar klinisk med barn eller voksne. Desse kan ein melde seg på, uavhengig om ein skal delta på hovudkonferansen eller ei, seier Sylvi. – Den eine workshopen er med den nederlandske psykologen Suzette Boon, og gir ei innføring og opplæring i TADS-I i arbeid med vaksne. Den andre workshopen er med den britiske psykologen Karen Andor, og omhandlar klinisk arbeid med barn og dissosiasjon. Begge skal i tillegg førelese på hovedkonferansen.
– Om kvelden den 4. september blir det som vanleg Septemberkonferansen in a nutshell på Litteraturhuset i Bergen. Panelet vil bestå av utvalde forelesarar frå Septemberkonferansen, og andre sentrale fagpersonar innan dissosiasjonsfeltet. Debatten vil handle om forståelsen av dissosiasjon og korleis vi kan møte menneske med komplekse traumeerfaringar. Dette er eit gratis tilbod til dei som ikkje har anledning til å vere med på sjølve konferansen. Paneldebatten vert leia av vår kollega Dag Ø. Nordanger, avsluttar dei.
Vi ser fram til spennande og lærerike dagar i Bergen i september!