Aktuelt
Den internasjonale dagen for avskaffelse av vald mot kvinner
- 25/11/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Vald mot kvinner og jenter er den mest utbreidde krenkinga av menneskerettane.
Kjønnsrelaterte drap på kvinner og jenter representerer den dødelegaste enden av kjønnsbasert vald, og skjer vanlegvis etter tidlegare opplevingar av fysisk, seksuell eller emosjonell mishandling. Med mål om å mobilisere global handling mot denne type forbrytelse, publiserte nyleg FN sitt kontor for narkotika og kriminalitet (UNOD) og UN Woman ein rapport med globale anslag over kjønnsrelaterte drap på kvinner og jenter utførte av ein intim partner eller familiemedlem. Rapporten viser at i løpet av 2022 vart det registrert det høgaste årlege talet på vedvarande drap på kvinner og jenter dei siste to tiåra.
– Det er viktig å merke seg at kvinner og jenter i alle regionar over heile verda blir påverka av denne typen kjønnsbasert vald. Nesten 89 000 kvinner og jenter vart med vilje drepte i 2022, og tilgjengeleg data tyder på at auken i drap på kvinner skjedde sjølv om det var ein nedgang i det totale talet på drap, seier Elisabeth Harnes, som leiar og koordinerer RVTS sin nasjonale opplæring “Endringsagenter” – ei fagopplæring om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for ressurspersonar i frivillige organisasjonar og berørte miljø.
Ho er òg initiativtakar til og koordinerer RVTS Vest si nyoppretta fagopplæring om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for 1. og 2. linjetenesta i samarbeid med Bergen Kommune, Vest Politidistrikt og Vestland Fylkeskommune. Fagopplæringa skal ruste hjelpeapparatet med den haldnings- og handlingskompetansen som er naudsynt for å kunne avdekke og førebygge i sterkare grad.
Æresrelatert vald
– Æresrelatert vald er vald i nære relasjonar, men skil seg frå annan type vald i nære relasjonar ved at valden ofte blir utløyst av familiens eller gruppens behov for å ivareta eller gjennopprette tapt ære og anseelse, seier Elisabeth. – Denne typen vald førekjem ofte i familiar og miljøer med sterke kollektivistiske og patriarkalske verdiar der kvinner er særleg utsette, då deira seksuelle åtferd er knytt til familiens kollektive ære. I ein migrasjonskontekst kan mange familiesystem og parforhold vere ekstra utfordra, då integreringsprosessen til ein ny samfunnsstruktur, ofte inneber forskyving av familieroller, samt kolliderande og motstridande norm- og verdisystem.
– På same måte som æra tilfaller heile familien og slekta, vil skam og vanære gjelde heile kollektivet om ein person bryt med vedtekne normer og verdiar, seier Elisabeth. – Familiemedlemmer integrerer seg i ulik takt, og mykje kan stå på spel om til dømes ein krysskulturell balansekunstnar frå eit sterkt æresregime gjer eit feiltrinn.
– Den æresrelaterte valden kan arte seg forskjellig, fortel Elisabeth. – Den kan handle om alt frå alvorleg psykisk vald; press, truslar, nedverdigelse og utstøyting, til kroppsskade, frihetsberøving, press til sjølvmord og drap. Mens nokre blir utsette for æresrelatert vald frå familien, opplever andre å bli overvaka og utsette for press frå etnisk miljø. Det finst samtidig mange døme på familiar der dette ikkje er ei problemstilling i kjernefamilien, men der både barn og vaksne blir utsette for press og truslar frå transnasjonal familie i andre land. Sakene er intrikate og mangefasettert og skjer like gjerne i det digitale som i det fysiske rommet, seier Elisabeth Harnes.
Fagopplæringar for å førebyggje
– På våre fagopplæringar for hjelpeapparatet ser vi ein stor verdi i at opplæringa er tverretatleg; her skjer det mykje verdifull nettverksbygging og kompetanseoverføring gjennom betre kjennskap til mandat og tiltaksløyper om ein står i vanskelege saker, fortel Elisabeth.
– Vi har som mål å ruste våre deltakarar med ein solid og tverrfagleg fagkunnskap som går ut over fenomenforståing av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald og bidra til at deltakarane får ein meir nyansert kompetanse. Derfor inkluderer vi modular om vald og traume, transnasjonale familieliv og migrasjonsstress, kultur og dialogkompetanse samt risikovurdering, utfordringsbilde og tiltaksløype, seier Elisabeth.
– På den noverande opplæringa for Endringsagenter har vi representantar frå over 20 etnisitetar og språk. Dette er òg ei svært viktig ressurs som kan skape endring i eigne miljø og vere brobyggjarar opp mot hjelpeapparatet om det er behov for miljøterapeutisk oppfølging på ulike språk og/eller matching på verdssyn som kulturelle og religiøse føringar.
Kommunal handlingsplan om førebygging av negativ kontroll og æresrelatert vald
– Nyleg lanserte Bergen Kommune Noregs første kommunale handlingsplan om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2023-2027), som er skriven i samarbeid med RVTS Vest og Vest Politidistrikt og er ein oppfølging av regjeringens nasjonale handlingsplan på feltet og ein oppfølging av Plan for likestilling i mangfoldsbyen Bergen.
– Visjonen med denne handlingsplanen er at alle barn, unge og vaksne skal få leve frie liv der dei sjølve kan bestemme og ta eigne val om kropp, seksualitet og andre livsval i samsvar med alder og kjønn. I denne planen er våre fagopplæringar implementerte i eigne tiltak i tillegg til Vestlandsnettverket mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald og det nyoppretta tiltaket TOT (Tverretatlig Operativt Team) negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, fortel Elisabeth.
– Ein gong i månaden og ved operative behov, møtast TOT-teamet, som består av fire representantar frå Utekontakten, Bergen Kommune, Vest Politidistrikt og RVTS Vest, og gir konsultasjonar til hjelpeapparatet i innmeldte saker som handlar om æresrelatert vald. TOT-teamet forvaltar samtidig ein bank av eigna miljøterapeutar utdanna frå RVTS Vest sine opplæringar om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, som kan knyttast til som miljøterapeutiske tiltak i saker der dette kan vere relevant.
– Vi har i mange år sakna eit godt og likeverdig terapeutisk tilbod til offer for æresrelatert vald, og ser fram til å pilotere Bergen Kommune si miljøterapeutiske mentorordning med ressursane vi utdannar, avsluttar Elisabeth Harnes.
Ønsker du å vite meir om opplæringane?
Kontakt Elisabeth Harnes