Aktuelt
I samarbeid med Helse Bergen og Youwell har vi utvikla eit sjølvhjelpsprogram for ukrainske flyktningar.
Målsettinga med programmet er å informere om moglege psykologiske reaksjonar og opplevingar som følgje av det å vere flyktning. Programmet inneheld også enkle øvingar og verktøy som kan vere til hjelp for å redusere stress og bearbeide vanskelege reaksjonar. Programmet er primært retta mot flyktningar, men kan og vere til nytte for helsepersonell.
Fem modular:
Programmet er delt inn i fem modular med ulike tema:
Modul 1: Normale tankar, kjensler, handlingar og kroppslege reaksjonar etter krig og flukt.
Modul 2: Korleis lage gode rutinar og handtere ein ny kvardag
Modul 3: Søvn
Modul 4: Uro og bekymring – korleis takle stress, tankekøyr og angst
Modul 5: Korleis ta vare på barn og vere omsorgsperson i krise
Det er RVTS Vest og Helse Bergen som står for det faglege innhaldet, som er strukturert og bearbeidd av DigiHub i Helse Bergen. Kognitiv atferdsterapi er brukt som metode, og øvingane er ulike mindfulness- og pusteøvingar.
Brukarmedverknad
Plattformen er levert av Youwell og laga slik at ingenting blir lagra eller delt. Løysinga inneheld heller ikkje personopplysningar. Brukarane vil likevel ha moglegheit til å gi tilbakemeldingar på programmet gjennom ei anonym teneste.
Programmet er oversett til ukrainsk og russisk av Tolkenett AS. Tema er testa på ei gruppe flyktningar ved hjelp av tilsette i Rask psykisk helsehjelp i Bergen kommune. I tillegg blir språk og innhald kvalitetssikra av språkassisistentar med helsefagleg og ukrainsk/russisk bakgrunn.
Det er spesifisert at dette er eit program om moglege reaksjonar og opplevingar som flyktning og at ein ikkje vil få kontakt med helsepersonell via programmet. Det blir oppfordra til å kontakte helsevesenet ved behov, og det er også er lagt ved link til helsenorge.no, der ein finn informasjon om korleis ein går fram for å søke helsehjelp i Noreg.
Vi publiserer no versjon 1 av programmet. Utover sommaren og hausten vil vi revidere programmet og gjere endringar i språk, innhald og tema ut frå tilbakemeldingar frå brukarar og helsepersonell.
Kjelde: Helse-bergen.no