Aktuelt
Webinar: Negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
- 18/11/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Kjønnslemlesting Korona Omskjering Sosial kontroll Tvangsekteskap Vold Vold i nære relasjoner
Foto: Szabolcs Toth / Pexels
RVTS Vest i samarbeid med Vestland fylkeskommune, inviterer til konferanse om negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og æresrelatert vald. Dagen vil ha særleg fokus på tverretatleg samarbeid og hjelpeapparatet sine erfaringar og rolle regionalt, nasjonalt og transnasjonalt.
Tittel på webinaret er “Kva ser vi, kva gjer vi – i arbeidet med negativ sosial kontroll og æresrealatert vald.”
Korona-pandemien kan ha forverra situasjonen for mange barn, unge og vaksne som lever med vald og negativ sosial kontroll. Fleire tenester melder at smitteverntiltaka har forsterka eksisterande negativ sosial kontroll og isolasjon av sårbare, både unge og vaksne. Dette vert sett i samanheng med at fleire er meir heime og blir låst inne med kontrollmekanismane som vert brukt mot dei, parallelt med at hjelpetenester er mindre tilgjengelege.
Det er grunn til å tru at mange ikkje har hatt muligheit til å be om den hjelpa dei treng. Skulen er ein friarena for menneske som blir utsett for sosial kontroll, og det same kan gjelde arbeidsplassen. Når denne arenaen ikkje er tilgjengelig, kan det få alvorlege konsekvensar.
Hjelpeapparatet treng å vere rusta
Fleire frivillige organisasjonar melder om mange alvorlege henvendingar under dei strenge tiltaka. Om vi skal lykkast med forebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, samt tilby utsette nødvendig bistand og oppfølging, må hjelpeapparatet vere rusta til å møte desse utfordringane og kunne samhandle på tvers av etatar og tenester.
Mange familiar lever samtidig transnasjonale liv og særleg skuleferiar er tradisjonelt ei tid kor mange reiser til utlandet. Kvar sommar opplever fleire barn og unge at dei vert tekne med til og/eller etterlatt i utlandet mot si vilje. Nokon vert utsett for tvangsekteskap, æresrelatert vald, negativ sosial kontroll eller kjønnslemlesting under oppholdet. Sjølv om dette har vore annleis i år på grunn av reiserestriksjonar, har hjelpeapparatet i alle tilfelle eit ansvar for å ivareta unge og vaksne som fryktar for eit utanlandsopphold, samstundes som dei må jobbe forebyggende i Noreg.
Erfaringar viser at saker der unge vert tekne med til utlandet mot si vilje, gjerne vert oppdaga først når den unge allereie er i utlandet. Kva er årsakene og korleis kan vi forhindre at personar vert utsett for slike traumatiske og straffbare overgrep, før det er for seint?
Bekrefta innleiarar: Vestland fylkeskommune, RVTS Vest, Vest politidistrikt, minoritetsrådgjevarar i Vest og integreringsrådgjevarar frå ambassadane i Nairobi, Ankara, Amman og Islamabad.
Målgruppe: Deltakarar frå region vest innanfor tenester som barnevern, skule, barnehage, krisesentre, familievern, trus- og livssynsmiljø, bufetat, politi, NAV, flyktningeteneste/introduksjonsprogram, spesialisthelsetenesta.
Prakisk informasjon:
Webinaret er gratis.
Dato: 11. desember 2020
Tidspunkt: 0900-1530
Påmeldingsfrist: 9. desember Deltakarane får tilsendt lenke til webinaret i god før kursoppstart.
Program:
Dersom tenester eller fagfolk har spørsmål direkte knytt til integreringsrådgjevarar i Ammman, Ankara Islamabad og Nairobi – er det mogeleg å førehandsende spørsmål til Elisabeth Harnes. Desse vert prioritert og stilt i plenum i etterkant av innlegga.
Med forbehold om mindre endringar i programmet.
09.00-09.20: Åpning og innledning ved Elisabeth Harnes, spesialkonsulent og regional koordinator, negativ sosial kontroll, TVE, KLL og æresrelatert vold, RVTS Vest
09.20-09.35: Vestland fylkeskommunens mandat i arbeidet med negativ sosial kontroll, TVE og KLL v/Babek Hosami, seniorrådgiver, seksjon inkludering, strategi og analyse, avdeling for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylkeskommune.
09.35-10.15. Flerkulturelt foreldreskap. Negativ vs positiv sosial kontroll fra et ikke-vestlig minoritetsforeldreperspektiv v/Chiku Ali, spesialkonsulent kultur, RVTS Vest
10.15-11.15: Dialog og annerkjennelse: En vei til forandring av undertrykkende kulturelle praksiser.” Farwah Nilsen, tverrkulturell konfliktmegler og familieterapeut, Danmark.
11.15 -11.45: Lunsj- pause
11.45 -12.20: Hva ser og hva gjør en minoritetsrådgiver? Mona Ibrahim, Fyllingsdalen vgs og Gimle skole/IMDi og Marie Brokstad, Årstad vgs/IMDi.
12.20 -12.55: Politiets arbeid med risikovurdering og forebyggende oppfølging, Karianne Refsdal, koordinator for trusselutsatte v/Vest politidistrikt
13.00-13.20: Norsk-somaliske barn/unge som holdes i utlandet mot sin vilje. Heidi Bondvik, integreringsrådgiver i Nairobi, Kenya.
13.20-13.30: Q&A
13.20-13.40: Erfaringer og situasjonsbeskrivelse fra IR i Amman. Sahfana Ali Mubarak, integreringsrådgiver i Amman, Jordan.
13.40-13.50: Q&A
13.50-14.10: Dumping og ufrivillig opphold i Pakistan. Hamzah Ahmed Nordahl- Rajpoot, Integreringsrådgiver, Islamabad, Pakistan.
14.10-14.20: Q&A
14.20-14.40: «Mellom barken og veden» Hva kan vi gjøre med det? Presentasjon av case fra regionen. Merethe Munch, integreringsrådgiver i Ankara, Tyrkia.
14.40-14.50: Q&A
14.50–15.15: Oppsummering og avslutning