Aktuelt
Det er krig i alle kanalar, og barn blir urolege, sinte, redde og lei seg.
1. Ta ansvar og ta initiativ
Ikkje vent på at barnet kjem til deg. Sjekk ut barnet si oppleving. Kva har barnet sett, høyrd? Kva tenkjer barna? Korleis forstår dei situasjonen?
«Kva har du sett om krigen på TikTok i dag?»
«Eg lurer på korleis det er å vere deg om dagen?»
«Korleis snakkar de om krigen i vennegjengen?»
Lytt til barnet og ver nysgjerrig på barnet si forståing og oppleving.
2. Vær ærleg, snakk sant!
Ta det barnet seier på alvor, svar konkret og sant på spørsmåla. Ver ærleg, men ta hensyn til barnets alder. Det skal være sant alt du seier, men du treng ikkje fortelle alt som er sant!
Gi tilpassa informasjon utan å skremme eller forsterke barnet si uro. Det er lov å ikkje kunne svare på alt!
3. Anerkjenn følelsar!
«Det er ikkje rart du er redd, når det er krig»
«Så klart vert vi lei oss når vi ser barn som er på flukt og menneske som døyr. Det er ekstra vondt å sjå når krig går ut over uskyldige menneske»
«Det er heilt normalt å ikkje få sove, når bilder og tankar rullar gjennom hovudet»
Det kan vere fristande å trøyste, avlede eller foreslå løysingar når barn og unge er redde, triste, sinte, forvirra. Men, barn treng først å kjenne at deira følelsar og opplevingar er ok og normale.
4. Snakk om løysingar og vaksne sitt ansvar!
Trygg barna, fortell om alt som vert gjort for å finne løysning på krigen:
«Det er mange vaksne som jobbar med å få stopp på krigen og hjelpe dei som er på flukt»
«Noreg har mange vener og dei som styrer landet jobbar med andre land for å halde oss trygge»
«Det er aldri barn sin feil at det er krig, og barn har rett til beskyttelse»
«I Noreg bur det menneske både frå Russland og Ukraina. Ingen av dei ønska krigen»
«Ingen barn frå Russland er ansvarleg for det som Putin har gjort!»
5. Bidra til meistring og normalitet !
Støtt barnet sitt engasjement og legg til rette for meistring! Barn treng å kjenne seg nyttig og som ein del av felleskapet. Kanskje har dei sjølv tankar om korleis dei ønsker å bidra?
Den vanlege kvardagen er framleis viktig for barn og unge; fotballtrening, skule, gaming, vener og sosiale media.
Ver tilgjengeleg, snakk med barna.
Du er rollemodell og viktig!
Relevant:
Fredagsfokus: Snakk med barn og krig!
Unngå isolasjon og utanforskap for flyktningar i kommunen (Film)