Aktuelt
29.01.25: Førebygging av retraumatisering av torturoverlevarar i somatikken
- 09/01/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kurskalender
Vi har gleda av å invitere til eit foredrag med Ana Carla Soares Portugal Schippert, operasjonssjukepleiar og ph.d. i helsevitenskap.
Når:
29. januar 2025, kl. 13:00–15:00
Kor:
Teams
Program:
- 13:00–14:00: Presentasjon
- 14:00–15:00: Spørsmål og diskusjon
Tema:
Førebygging av retraumatisering av torturoverlevarar i somatikken
Ana Carla Soares Portugal Schippert har gjennom sitt doktorgradsarbeid og sin kliniske erfaring belyst korleis torturoverlevande kan bli betre ivaretatt i helsevesenet.
Ho har forska på retraumatisering av torturoverlevarar under kirurgisk behandling og utvikla retningslinjer for å førebygge slike belastningar i somatisk helsevesen.
I løpet av presentasjonen vil ho dele innsikt frå sitt arbeid, inkludert konkrete anbefalingar for helsepersonell. Foredraget blir etterfølgt av ein open diskusjon der det er mogleg å stille spørsmål og drøfte tematikken.
Du kan registrere deg her for å få tilsendt teams-lenke til presentasjonen
Deltaking er gratis.
Ved spørsmål kan du kontakte Valeria Markova (etter 15. januar)
Vel møtt!