Etter ei vellukka pilotgjennomføring av kompetanseprogram om korleis drive mestrings- og stabiliseringsgrupper, bli det ny runde til våren.
– Målsettinga med programmet er å auke den generelle kompetansen i kommunane når det gjeld traumer, og at det vert sett i gang grupper på kommunalt nivå, seier Jorunn Helle som er ansvarleg for kompetanseprogrammet.
– Det er viktig at deltaking er forankra i leiinga og at det er ein plan for korleis leggje til rette for å etablere ei slik gruppe.