Aktuelt
19. – 20.02.2025: Helhetlig debriefing
- 14/11/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kurskalender
RVTS Vest inviterer til ein todagars workshop i helhetlig debriefing. Gjennom kurset utviklar du ferdigheiter i å handtere og lære av kriser og katastrofar, både i og utanfor arbeidsmiljøet.
Kurset gir ei innføring i teori om debriefing og gir høve til øving i praktisk gjennomføring.
Tanken bak metodikken er at når kriser blir handterte på ein systematisk og omsorgsfull måte, vert det òg skapt høve for både personleg og fagleg utvikling. Dette føreset at medarbeidarar får naudsynt støtte og at hendinga vert bearbeidd gjennom ei strukturert tilnærming.
Helhetlig debriefing består av fire delar som vil bli gjennomgått i kurset:
- a. Handlingsorientert læringsfokus
- b. Relasjonsorientert læringsfokus
- c. Sjølvforståing og utviklingssamtale
- d. Avlasting og reorientering før læring
Kurset vil bestå av veksling mellom undervisning og øvingar i mindre grupper.
Forberedelse før kurset:
Tenk på ei hending teamet ditt har vore i, som kunne trengt bearbeiding for å dra lærdom av hendinga. Det er ein fordel å ha ei felles hending, om ein kjem frå same team.
Individuell oppgåve: Tenk på ei hending du/de har vore i, kor du hadde behov for å reflektere saman med nokon.
Det er ein fordel om det er fleire frå same arbeidsplass som deltek.
Målgruppe:
Innsatspersonell, helse- og sosialarbeidarar.
Antal plassar:
20
Stad:
RVTS kurslokale, 1. etg, Ulriksdal 2
Pris:
1600,-
Påmeldingsfrist: 12. februar 2025