Aktuelt
13.04.23: Introduksjonskurs Snakke med barn og Jeg Vet
RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statforvaltaren i Rogaland inviterer til introduksjonskurs til Snakke med barn og Jeg vet.
Tema er korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep. Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Å vekse opp med vald, overgrep og omsorgssvikt aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.
Barn treng trygge vaksne!
På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane snakkemedbarn.no og jegvet.no. SNAKKEmedbarn og JegVet kan bidra til at nettopp DU vert ein vaksen som vågar å sjå og tør å handle når du er bekymra for eit barn.
Etter kurset vil du:
– Ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
– Ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og Jegvet.no
– Ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
– Kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i di teneste
– Kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge
– Kunne ta i bruk JegVet som eit verktøy for å snakke med barn om vald og seksuelle overgrep, mobbing, psykisk helse og trivsel i skulen
– Få moglegheit til å melde deg som ressursperson i Nettverket vårt om Samtaler med barn.
Førelesarar er Områdeleiar/barnevernspedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Steinar Hvål.
Førebuing til kurset:
Vi ønsker at de gjer dykk kjent med nettressursane «Snakkemedbarn.no» og «Jegvet.no». På «Snakkemedbarn.no» er det ein fordel om du har registrert deg. Sjå også filmen Snakke sammen: Hvordan opprette brukerprofil
Kurset er digitalt. Lenkje blir sendt påmelde deltar i eigen e-post.