Aktuelt
12. desember: Oppfølging av mennesker rammet av krig og katastrofe
Den 12. desember arrangerer vi ein fysisk og digital fagdag om Oppfølging av menneske ramma av krig og katastrofar.
Fysisk oppmøte er reservert for psykologar, då arrangementet er i samarbeid med Norsk psykologforening. Digital deltaking er open for alle interesserte.
Fagdagen er gratis.
Program
8:30 – 9:00 Kaffe og mingling
9:00 – 9:05 Velkommen, v/ Valeria Markova, psykologspesialist og PhD, RVTS Vest
9:05 – 10:15 En hjelpearbeiders beretning om tap, traumer og håp, v/ Katrin Glatz Brubakk, psykologspesialist, universitetslektor ved NTNU og feltarbeidar for Leger uten grenser, deler sine nyaste erfaringar frå arbeid med barn på Nasser-sjukehuset i Khan Younis i Gaza. Ho vil gi innblikk i arbeidsforholda på sjukehuset, dele historier om menneske ho har møtt og fortelje frå sitt mangeårige arbeid med menneske på flukt.
10:15 – 10:20 Den enkleste måten å hjelpe katastroferammede mennesker, v/ Sivert Straume, psykolog og dagleg leiar hos Bypsykologene, gir ein kort presentasjon av korleis enkeltpersonar og bedrifter enkelt kan hjelpe katastroferamma menneske.
10:20 – 10:35 Pause
10:35 – 11:00 Flyktningene og systemet, v/ Valeria Markova presenterer korleis Noreg tek imot flyktningar. Kva behov har dei, og kva tilbod får dei?
11:00 – 12:00 Workshop. Deltakarane får ei innføring i ulike terapeutiske verktøy som kan brukast med menneske frå ulike kulturar og språk.
12:00 – 12:45 Lunsj
12:45 – 13:55 Mulige lavterskeltilbud til flyktninger med traumatiske opplevelser, v/ Unni Heltne, psykologspesialist og PhD, Senter for krisepsykologi, diskuterer kva helsepersonell og hjelparar bør vere oppmerksame på når dei møter menneske i krise. Temaer inkluderer: Korleis møter ein menneske med traumer? Korleis kan ein tilby lavterskel traumebehandling på tvers av språkbarrierar?
13:55 – 14:10 Pause
14:10 – 15:20 Digitale verktøy for flyktningbarns psykososiale utvikling, v/ Solfrid Raknes, psykologspesialist og PhD, deler innsikt frå arbeid med Magic Mitten og Hjelpehånden – apper som støttar sosial og emosjonell læring for barn og ungdom i utfordrande situasjonar. Gjennom erfaringar frå Libanon og Ukraina, forskingsresultat og refleksjonar, kan du lære om og utforske korleis verktøya kan brukast til å støtte barn og unge i Noreg til meistring og trivsel.
Kursinformasjon:
Fagdagen er godkjent av Norsk psykologforening som vedlikeholdskurs for spesialister med 7 timer.