Aktuelt
2. mai arrangerer vi OPS-kurs i samarbeid med RKBU Vest.
OPS!-kurset er for alle over 18 år som ønsker å lære meir om korleis oppdage menneske med sjølvmordstankar, og sørge for at dei får hjelp.
OPS-kursa er eit kort kurs som gir auka merksemd på sjølvmordstankar, samt verktøy for korleis du kan gi innledande hjelp.
Lengde: Fire timar
Målgruppe: Alle over 18 år som ønsker å lære meir om korleis oppdage menneske med sjølvmordstankar, og sørge for at dei får hjelp.
På kurset lærer du å:
- komme forbi haldningsbarrierar som gjer at du ikkje oppdagar, avfeier eller unngår signal på sjølvmordstankar
- oppdage menneske med sjølvmordstankar
- bruke de fire trinna: fortell, spør, lytt og sørg for sikkerheit til å hjelpe personen med sjølvmordstankar i kontakt med ein som kan gi førstehjelp ved sjølvmordsfare/vidare hjelp
Kurset nyttar ulike læringsmetoder som forelesning, film, diskusjon og praktiske øvingar.
Praktisk:
Påmeldingsfrist: 25. april
Antall plassar: 30
Stad:
RKBU Vest, Nygårdsgaten 114, Bergen
Pris: 150,-
Arrangører: RKBU Vest og RVTS Vest
OPS! vert undervist av godkjente kursleiarar. Les meir på Vivat selvmordsforebygging.