Aktuelt
01. – 02.06.2022: Førstehjelp ved sjølvmordsfare
- 23/02/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Arkiv Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar
Mange kan lære å gi førstehjelp ved sjølvmordsfare. Kurset gir handlingskompetanse som kan bidra til å redde liv.
Ved å ta kurset får du kompetanse til å oppdage signal på sjølvmordstankar og gi førstehjelp ved sjølvmordsfare. Dato for kurset er 1. – 2. juni 2022, og vert arrangert i samarbeid med RKBU Vest.
Målgruppe:
Kurset passar for deg som t.d jobbar i helse- og sosialsektoren, undervisningssektoren, politiet, brann og redningstenesta, forsvaret, eit trussamfunn. Kurset passer også for deg som engasjerer deg i frivillig arbeid eller ønsker å lære å gi førstehjelp ved sjølvmordsfare. Aldersgrense er 18 år.
Innhald:
Du får muligheit til å bli meir merksam på dine eigne haldninger til sjølvmord. Kursleiarande går gjennom kunnskap om sjølvmordsatferd og viser ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen.
Du lærer å:
- oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare
- stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar
- hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg
- arbeide med usikkerheit om å leve eller dø
- lage og iverksette ein plan med vedkommande, kor målet er å berge liv
- bruke hjelperessursar i lokalsamfunnet
Kurset nyttar ulike læringsmetodar: Forelesning, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper. Kurset er prosessorientert og har ein fagleg og pedagogisk oppbygning som krev full deltaking begge kursdagane.
Praktisk:
Påmeldingsfrist: Utvidet påmeldingsfrist til 26. mai, men påmeldingsskjema stenges dersom det blir fulltegnet før den tid.
Antall plassar: 24
Stad: Hotell Augustin, C. Sundts gate 22, Bergen
Kurshaldarar: Annie Norevik, psykiatrisk sjukepleier, RVTS Vest og Anne Marita Milde, psykologspesialist, RKBU Vest
Kurset er godkjent av følgande fagforeningar:
- Den norske legeforening: Emnekurs/klinisk emnekurs i psykiatri til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin (16 poeng). Valfritt kurs under spesialisering og for spesialistene si etterutdanning i samfunnsmedisin (14 timar).
- Fagforbundet: Teljande til klinisk fagstige for hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar (14 timar)
- Norsk Ergoterapeutforbund: Spesialistspesifikk kurs meritterande til ergoterapispesialist i allmennhelse og mental helse (12 timar)
- Norsk Psykologforening: Fritt spesialkurs (14 timar) og vedlikehaldskurs (14 timar)
- Norsk Sykepleierforbund: Merittering for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/ spesialsjukepleie (14 timar)
- Norsk Gestaltterapeut Forening: 12 timar Profesjonell fagleg oppdatering i kategori D2
Kjelde: VIVAT Selvmordsforebygging