Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei jente med måla hender lagar ein figur framfor auga.

barnehage og skule

Trygge vaksne med traumekompetanse

Trygge vaksne med traumekompetanse er kompetansepakkar for tilsette i barnehage, skule og deira støttetenester.

Trygge vaksne med traumekompetanse i barnehage og skule består av fem modular:

1. Utviklingstraumer og barnesyn
2. Mentalisering, triggar- og stressreduksjon
3. Reguleringsstøtte - i situasjonen når det skjer
4. Den regulerande leiken
5. Regulerande arbeidsmiljø og kritisk refleksjon

Under kvar modul er det introduksjonsmodul, caser, refleksjonsoppgåver, gruppeoppgåver og fagfilmar.

Gjennom heile gjennomføringa held vi fast i tre parallelle prosessar:

  • Det som skjer med deg, i deg, og mellom deg og barnet, deg og kollegaer (arbeidsmiljølova)
  • Det som skjer i barnet, med barnet, mellom barnet og deg, deg og føresette (opplæringslova/barnehagelova)
  • Det som skjer med dei andre barna/elevane og gruppe/klassemiljøet (opplæringslova/barnehagelova)

 

 

Alle illustrasjonar er laga av Karoline Furre.

Sist oppdatert 13.10.2025