Ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge
Ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge
Trygg til Handling skal gi deg meir kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, kva konsekvensar det har for barn og unge og korleis du kan snakke med dei du er bekymra for. Programmet er enkelt å bruke, samtidig som den legg til rette for refleksjon og gruppearbeid. Ein treng ingen førkunnskap, og programmet passar til intern opplæring og kompetanseheving.
Bruk opplæringsressursen aktivt (åleine eller saman på arbeidsplassen)
Jamnleg oppfølging: Vald i nære relasjonar er fast tema på personalmøte minst ein gang i året
Hald fokuset oppe: Sikre jamnlege drypp og øving i personalet
Film 1: Vald
Film 2: Seksuelle overgrep
Film 3: Konsekvensar av vald og seksuelle overgrep
Film 4: Den viktige samtalen
Film 5: Meld vidare! (kjem snart)
Lykke til!
«Vold er enhver handling rettet mot en annen person som ved at denne handlingen skader, smerter, skremmer eller krenker, får den personen til å gjøre noe mot sin vilje eller slutte å gjøre som den vil.»
Psykolog Per Isdal, Alternativ til vold (2000)
Bli tryggare i samtale med barn og unge
Bli trygg på kva reglar som gjeld når du er bekymra.
Lena er 8 månader og kjem til helsestasjonen med mor. Helsesjukepleiar blir bekymra fordi ho synast at samspelet mellom mor og barn har endra seg. Ho synast at babyen trekker seg i kontakt både i samspel med ho, men og med mor. Mor fortel at ho har fått ny kjærast og at det har vore vanskeleg ei stund, utan å seie noko meir.
Ole går i barnehagen på avdelinga der du jobbar som assistent. Du og dei andre vaksne syns at Ole har endra seg i det siste. Han er meir stille, inneslutta og han trekker seg ofte vekk frå situasjonar med dei andre barna. Du har og lagt merke til at han er meir søkande etter kontakt med dei vaksne og då særleg deg. Ein dag seier Ole noko ved frokostbordet som gjer deg uroleg. Ole seier at gulrota som han eter til frokost liknar på pappa sin tiss. Du vert uroleg, trur du har høyrd feil og ønsker at du hadde hørt feil. Du kjenner far til Ole som ein åpen kar, hyggeleg og fin å samarbeide med. Kva no?
Zara går på ungdomsskulen. Ho klarar seg greit fagleg og sosialt. Den siste tida har ho vore stille og går meir for seg sjølv. Ho har ei god venninne som går i ei anna klasse. Neste veke er det planlagt leirskule, men Zara nektar og seier at ho ikkje skal på tur. Ho har gått fra skulen når dei skal planlegge turen og seier at ingen kan tvinge ho på leirskule. Foreldra hennar har spurt deg om du kan snakke med Zara for å finne ut kva som plagar ho.
Trygg til handling er utvikla for å effektivt styrke tenestane i møte med barn, unge og familiar som opplever vald og seksuelle overgrep, slik at fleire vert oppdaga tidleg og får rett hjelp til riktig tid.
Opplæringsressursen sikrar grunnleggande kunnskap i tenestene på ein praktisk gjennomførbar måte. Trygg til handling er naturleg å sjå i samanheng med Snakke med barn; begge er viktige ressursar i planar og innsats for førebygging og avdekking av vald og seksuelle overgrep.
Den nasjonalfaglege retningslinja “Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge” understrekar at tilsette som arbeider med barn og unge så tidleg som mogleg bør identifisera barn og unge som lever i ein risikosituasjon. Sjå film nasjonal faglig retningslinje for tidlig oppdagelse av barn og unge eller gå direkte til retningslinja for å lese mer.
Merksemd på teikn og signal som gir grunn til bekymring, kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar og kompetanse i å snakke med barn og unge er viktig i arbeidet med førebygging og oppdaging av utsette barn og unge.
Trygg til handling gir grunnleggande kompetanse om barn og unge som opplever vald, seksuelle overgrep og anna omsorgssvikt, og kan nyttast til opplæring og fagutvikling.
Trygg til handling vart først utvikla av RVTS Vest i samarbeid med Gjesdal kommune, med støtte frå Redd Barna. Sida er revidert i 2022 i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren i Vestland bidreg med viktig kunnskap om kva kommunane og tenestene har behov for i oppfølging av barn, unge og familiar som opplever vald og seksuelle overgrep.
Astrid Mohus har vore sentral i revideringsarbeidet, først som psykologstudent, seinare som tilsett prosjektmedarbeidar.
Ta kontakt med Linda Kvalvik, fagansvarleg for opplæringsprogrammet.