Nedst på sida kan du sjå video av Dag Nordanger som forklarar toleransevinduet.
Modellen består av ein heilt enkel figur. Jo høgare opp i figuren du kjem, jo høgare er aktiveringa i kroppen.
Modellen seier ganske enkelt at vi alle har eit vindauge der aktiveringa er akkurat passeleg: Det er det vi kallar toleransevinduet. Når du er innanfor det vindauget, er det lettast å konsentrere seg og vere fullt og heilt til stades i situasjonen.

Om du er over vindauget er du hyperaktivert - som betyr at aktiveringa er for høg.

Og om du er under, så er du hypoaktivert - som betyr at aktiveringa er for låg.

Kor ope eller vidt toleransevinduet er, vil for alle menneske variere ganske mykje. Både gjennom dagen og frå dag til dag.
Faktisk er dei fleste av oss både over og under til stadighet.
Ut og inn i toleransevinduet
Vi har gjerne nokre strategiar som gjer at vi klarer å regulere oss tilbake i vindauget før ubehaget blir for stort. Men om vi opplever fare eller føler oss trua, blir vi raskt sende ut av toleransevinduet. Ofte blir det utløyst det vi kallar ein kamp-flukt-reaksjon, altså ein hyperaktiveringsreaksjon. Då blir blodet pumpa ut i bein og armar, og kroppen blir mobilisert for å kome seg unna denne trusselen.

Når du blir redd, vert kroppen aktivert, slik at du vert sett i stand til å komme deg unna trusselen!
Men om kamp eller flukt ikkje er mogleg, då fell vi gjerne tilbake på den mest grunnleggjande overlevingsstrategien som vi menneske har, og som faktisk er den same som vi kan sjå hos små dyr som blir heilt «livlause» når dei er i akutt fare. Det er ein hypoaktiveringsreaksjon.
Aktiveringa i kroppen synker til eit minimum, pulsen går ned, og blodet blir trekt tilbake frå bein og armar for å verne indre organ. Kroppen blir immobilisert.
Smalt toleransevindu
Ein hensiktsmessig måte å forstå konsekvensane på, er at det fører til eit smalare toleransevinduet.
Det skal mindre til før vi flyg opp i ein hyperaktivering med mykje uro, eller at vi fell ned i ein hypoaktivering med nummenheit, tomheit og blir avstengd frå omverda. Då handlar det om at traumet styrker det vi gjerne kallar hjernen sitt alarmsystem, altså dei nettverka som bidreg til å setje i gang alarmreaksjonar. Då trumfar alarmsystemet reguleringssystemet, som eigentleg skal bidra til å dempe alarmreaksjonar.
Barn er særleg sårbare
Det kan vere vanskeleg å kome seg tilbake i toleransevinduet om ein først skulle hamne utanfor. Dette gjeld alle menneske, men barn er i ein spesielt sårbar situasjon. Det er fordi reguleringssystemet er underutvikla hos barn.
Hos barn blir reguleringssystemet utvikla litt etter litt gjennom oppveksten. Det skjer gjennom den sensitive omsorga barn får frå omsorgspersonane, særleg erfaringane dei får når dei er frustrerte, engstelege eller redde. Når omsorgspersonane trygger og regulerer kjenslene, hjelper dei barna tilbake i toleransevinduet sitt.
Difor er det særleg alvorleg når det er omsorgspersonar som er trussel, altså som er farlege. Menneske som har opplevd mykje av det i oppveksten, vil kunne få eit smalt toleransevindu, og dermed lett utløyselege alarmreaksjonar. I tillegg kan hjernen sitt reguleringssystem forbli litt underutvikla, slik at dei står på «bar bakke», utan moglegheit til å handtere dei sterke hyper- eller hyporeaksjonane. Dette kan gi eit ganske forvirrande bilete av den diagnostiske hyperreaksjonen.
Det kan kome til uttrykk som åtferdsvanskar, ADHD-symptom, angst, hyporeaksjonar, depresjon. Vekslinga mellom hyper- og hyporeaksjonar kan krysse av for ganske mange av boksane for ein bipolar liding. Berre for å nemne nokre eksempel.

Når omsorgspersonane trygger og regulerer kjenslene, hjelper dei barna tilbake i toleransevinduet sitt.
Toleransevinduet gir meining
Toleransevinduet er ein god modell å bruke i den direkte dialogen og kontakten med dei menneska som treng hjelp. Dei som har kjent det på kroppen, forstår toleransevinduet. Det kan brukast til å forklare kva problemet handlar om. Det kan òg brukast til å analysere ulike vanskelege situasjonar:
«Kva var det som fekk denne aktiveringskurva til å stige?»
«Kva var det som fekk ho til å synke?»
«Kva skjedde her oppe når tankane dine berre rasa og du kjende at alt var kaos?»
«Korleis fekk du kurva til å begynne å gå nedover igjen?»
Toleransevinduet kan òg brukast til å evaluere ulike strategiar for å regulere seg tilbake til toleransevinduet.
«Sånn som du kjende deg i går, når du var heilt tom og nummen. Om du i staden for å kutte deg hadde gått ein tur eller høyrt på noko engasjerande musikk. Trur du det ville tatt lengre eller kortare tid, før du kom deg opp igjen i toleransevinduet? Kanskje du testar det ut til vi møtest neste gong?»
Å bruke toleransevinduet som modell kan bidra til eit felles språk og eit felles visuelt samlingspunkt for alle tenester. Menneske som har opplevd utviklingstraume, vil trenge fagfolk rundt seg som snakkar same språk. Tenester som kanskje elles jobbar ut frå ulike fagomgrep, perspektiv og tradisjonar.
Sjå film der Dag Nordanger forklarar toleranseviduet
Kjelde:
Nordanger, D. Ø., & Braarud, H. C. (2017). Utviklingstraumer: Regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget.
