Kriseteamskulen – Styrk di beredskap
Kriseteamskulen er eit undervisningstilbod retta mot kommunar, spesialisthelsetenesta og frivillige.
Nye dagar med Kriseteamskulen 2025 - 2026
Kriseteamskulen er for alle som ønsker å forbetre sin kompetanse innan psykososial krisehandtering. Du treng ingen forkunnskapar for å delta.
Vi arrangerer basisdagar i Voss, Bergen og Haugesund.
Vi arrangerer også kursdag for leiarar i Stavanger og Bergen.
Dag 1:
Lovkrav om psykososiale tiltak: Kriseteamet sitt arbeid i møte med sjølvmord og brå død (Påmelding stengt)
Dag 2:
- Kva skjer med menneske i krise?
- Kva skjer når barn og ungdom er ramma eller berørte av hendinga? (Påmelding stengt)
Dag 3:
- Psykologisk førstehjelp
- Når krisa rammar fleirkulturelle innbyggarar (Påmelding stengt)
Dag 4:
Gir krisehandtering dobbel belastning for hjelparar? (Påmelding Bergen Haugesund Voss)
Dag 5:
Lovkrav og tilrådingar frå Helsedirektoratet om organisering av psykososiale tiltak for leiarar og stedfortredarar i kriseteam (Påmelding Bergen Stavanger)
Dag 6:
Frå 2026 tilbyr RVTS Vest kommunale kriseteam og lokale samarbeidspartnarar ei praktisk tilnærming. Du får opplæring og øving i psykososial førstehjelp. I tillegg til planane for akutt beredskap og den teoretiske kunnskapen som trengst, er det viktig å øve jamleg. Øvingar gjer at hjelpa til innbyggarane blir betre når det skjer kriser, ulukker eller katastrofar.
Øvingar i eige team styrkjer evna til å:
- Meistre stressbelastningar under innsats
- Redusere risikoen for psykiske reaksjonar etter store påkjenningar
- Auke samhandlingskompetansen
- Skape gjensidig forståing for ulike innsatsgruppers kulturar og arbeidsmåtar
Ta kontakt med Siri Lill Aaberg for avklaring av tid, sted og øvingsmomenter for ditt team i din kommune. Pris for dag 6 er kr 10 000.
Målgruppe dag 6:
Deltakarar i kommunale kriseteam, frivillige organisasjonar, innsatspersonell, helse- og sosialarbeidarar og tverrfaglege tenester som møter barn, ungdom, familiar og vaksne i krise.
Innsatspersonell blir definert som «personell frå Forsvaret, brann-, rednings- og helsepersonell, politiet og andre innsatsgrupper».
Dersom kommunen din eller kriseteamet ditt sjeldan er i aksjon, og kanskje har fått nye medlemmar, ta kontakt med oss. Vi vil saman fylle dagen med øvingsmoment de treng påfyll og trening i.Bli med oss for å utvikle ferdigheiter som kan gjere ein forskjell i krisesituasjonar og bidra til å skape eit tryggare samfunn.
Praktisk
Det er mogleg å delta på alle eller utvalde dagar. Deltaking inkluderer lunsj og kostar 600 kroner per person, per basisdag. Ved påmelding av fem eller fleire deltakarar samtidig er det mogleg å betale med faktura, send oss i så fall ein e-post om at de ønskjer dette. Kriseteamskulen går kun fysisk og det er ikkje mogleg å delta digitalt.
Spørsmål?