Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ressursportalen for deg som arbeider med asylsøkjarar og flyktningar

Asylsøkjarar og flyktningar lever under spesielle livsbetingelsar. Kunnskap om dette er avgjerande for å gje god hjelp.

Publisert 28.01.2025
Sist oppdatert 11.02.2025
Redaksjonsgruppa for flyktning.net.
Redaksjonsgruppa for flyktning.net møttest til workshop i Tromsø 16. og 17. januar, der alle rvts-ane var representerte. Her arbeidde vi med vidareutvikling og oppdatering av portalen.

Å vere flyktning

Hovudfokus i Flyktning.net knyter seg til det spesifikke med å vere ein flyktning; flyktningrelaterte erfaringar, livsbetingelsar og hjelpebehov. Dette er skildra i flyktningars reise, samt i kapittel om kommunikasjon, rettar og psykososial oppfølging.

Det er òg mange andre forhold som kan røre enkelte flyktningar og asylsøkjarars liv, men som ikkje primært handlar om å vere ein flyktning. Eit avgrensa utval av slikt fagstoff er samla under relaterte tema. Under ressursbanken har vi samla appar, e-læringsprogram, filmar, manualar, rettleiarar, undervisnings- og sjølvhjelpsmateriell som òg finst elles i portalen.

Relevant:

Ressurs som gir rettleiing i korleis ein som lærar eller pedagogisk rettleiar kan arbeide med elevar som har vore på flukt og slit med stress og traumer.

Trenger du hjelp til å finne fagstoff om det du lurer på? 

Elisabeth Harnes.

Elisabeth Harnes

Rådgjevar

ehar@helse-bergen.no 90697525