Aktuelt
Ny rettleiingsfunksjon i saker kor mindreårige kan vere offer for menneskehandel
- 04/10/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Menneskehandel Psykisk helse
Bufdir har i 2019 fått i oppdrag å opprette ei nasjonal rettleiingsfunksjon, som rettar seg mot tenester som kjem i kontakt med antatte, mindreårige ofre for menneskehandel.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikkje-diskriminering, samt vald og overgrep i nære relasjonar.
Rettleiingsfunksjonen er no etablert med tre tilsette med kompetanse på menneskehandel, barnevern, jus, politifagleg arbeid og migrasjons- og flyktningefeltet.
Den nye rettleiingssfunksjonen skal bidra med:
Gi råd og rettleiing i enkeltsaker til tilsette i tenesteapparatet, blant anna til:
- fylkesembetene,
- kommunale barnevernstenester, barnevernsinstitusjonar og omsorgssentre,
- politi og påtalemyndigheten,
- utlendingsmyndighetene,
- helse- og velferdssektoren,
- skule og utdanning,
- verger, representantar og advokatar,
- og frivillige organisasjonar.
Kompetanseheving, blant anna:
- foredrag og opplæring
- dokumentere erfaringar og bidra til kunnskapsutvikling
Styrke samarbeid mellom relevante tenester, herunder:
- Ha oversikt over regelverk og tenesteapparatet.
- Bidra til godt samarbeid mellom dei ulike tenestene.
- Bidra til koordinerte tenester.
Les meir på BUFDIR si nettside om menneskehandel.
Er du bekymra for at ein mindreårig kan vere utsett for menneskehandel, ta kontakt med Bufdir på vakttelefon 466 15 000 (mellom klokken 8.00 og 15.45) eller e-post menneskehandel@bufdir.no.
Vil du vite korleis RVTS Vest jobbar med forebygging av menneskehandel?
Kontakt May-Irene Wergeland.
Relevant:
Menneskertilsalgs.no – Nettressurs laga av RVTS Øst og RVTS Sør