Aktuelt
I samarbeid med kommunar og Forsvarets veterantjeneste (FVT) arrangerer vi dagskurs i oktober og november for veterankontaktar/ressurspersonar i kommune eller andre delar av det sivile tenestetilbodet i Hordaland og Rogaland.
Kurset for Hordaland vert arrangert i samarbeid med Bergen kommune medan kurset i Rogaland vert arrangert i samarbeid med Stavanger kommune.
“I teneste for Norge. Veterandag – ivaretaking av personell og deira familie etter internasjonal teneste” gir kunnskap om kva belastningar våre veteranar vert utsett for ved teneste i utlandet, og kva utfordringar veteraner og deira næraste kan møte i etterkant av tenesta.
Kurset fokuserer også på tilrettelegging og hjelpetiltak frå kommune og det sivile hjelpeapparatet, med særleg vektlegging av rolla som veterankontakt i kommune eller arbeidsplass.
Kurset er lagt opp som ein kursleiarutdanning kor kursmateriellet vil vere tilgjengeleg for vidare bruk i eigen kommune og arbeidsplass.
Målgruppe er veterankontaktar, helsepersonell og andre tilsette i kommune eller andre tenester, med ei rolle som ressursperson eller koordinator for veteranar eller deira familie etter teneste i utlandet.