RVTS Vest i samarbeid med Forsvarets veterantjeneste, Stavanger kommune og arbeidsutvalget for veteranarbeid i Sør – Rogaland arrangerer eit seminar om ivaretaking av personell og deira familie etter internasjonal teneste.
På seminaret får ein kunnskap om kva belastningar veteranar vert utsett for ved teneste i utlandet og kva utfordringar veteranar og deira næraste vil kunne møte i etterkant av tenesta. Fokus vil også vere på korleis kommunane og det sivile hjelpeapparatet kan vere gode støttespelarar og gi naudsynte hjelpetiltak dersom veteran og familie treng oppfølging.
Målgruppe er helsearbeidarar frå både 1. og 2. line, barnevern, skular og barnehagar, PPT, fastlegar, NAV, familievernkontor og pårørandesenter.