- Dette arrangement har allerede funnet sted.
04.12.19: AIM Basic kurs i Bergen
04/12/2019 @ 09:00 - 15:00
NOK500Grunnleggande fagkunnskap om barn og unge med skadeleg seksuell atferd (SSA). Kva veit vi om målgruppa? Kor utbreiddt er skadeleg seksuell atferd blant barn og unge? Kva seier forskning og erfaring? Korleis identifisere, vurdere og gi respons på seksualitet som fremjar bekymring?
Fagdagen er eit ledd i undervisning knytta til AIM2 (Assesment–Intervention–Moving on), og heiter AIM Basic Awareness. AIM 2 er eit kartleggings- og behandlingsprogram utvikla for barn og unge med skadeleg seksuell atferd. På Aim Basic Awareness vert det formidla grunnleggjande kunnskap om SSA, og er nyttig for alle som jobbar med barn og unge.
For deg som ynskjer, er det mogeleg å bygge vidare på AIM Basic Awareness, med AIM2 (utgreeing) og AIM2 (behandling). Vidare informasjon om kurs i AIM2 vert delt på vår nettside når det er klart. AIM Basic Awareness er obligatorisk for deg som skal gå vidare med utgreiing- og behandlingsdel.
Innhald i AIM Basic Awareness:
Forekomst av skadeleg seksuell atferd hos barn og unge, innføring og bruk av verktøyet Trafikklyset, informasjon om andre verktøy (ERASOR, PROFESOR og AIM2), samt informasjon om korleis ein møter barn og unge og deira familie og nettverk.
Alle deltakarar får kursmateriell inkludert trykt utgåve av Trafikklyset.
Målgruppe for AIM Basic awareness:
Alle interesserte fagpersonar (kommunalt barnevern, helsesjukepleiarar, fastlegar, psykologar, skule/barnehage, PU-tiltak, BUP, BUFetat, Statens barnehus, Konfliktrådet, Friomsorgen osv.)
Kurset kostar 500,-
Gå til påmeldingsskjema