Vi arrangerer påfyllsdag for Kriseteamskuledeltakarar i haust. Tema er «belastningar for kriseteammedlemmar».
Som hjelparar er vi ikkje uberørte av dei menneska vi møter og historiane vi høyrer. Det er viktig å kjenne til korleis dette kan prege oss og kva vi kan gjere for å unngå å bli unødig nedslitt.
Dagane vert arrangert 16. oktober i Bergen, 22. oktober på Forus, 23. oktober i Haugesund samt 3. desember på Skei.
Meir informasjon og påmelding. Sjølv om dette først og fremst er for dei som har delteke på basisdagane til Kriseteamskulen, kan også andre kriseteammedlemmar melde seg på.