Aktuelt
Jeg vet – ny læringsressurs om vald, overgrep og mobbing
- 20/05/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Læringsressursen Jeg Vet er laga av Bufdir, og målgruppa er skular og barnehagar.
Nettsida Jeg Vet skal vere med å forebygge vald, overgrep og mobbing gjennom å gi barn auka kunnskap om temaene. På nettsida har barnehagelærarar og lærarar tilgang til kvalitetssikra og alderstilpassa læringsopplegg for å gi barn og unge kunnskap om temaene vald, overgrep og mobbing.
Bufdir skriv på si nettside at informasjonen barn og unge får i dag om grensesetting, rettigheiter og kor dei kan få hjelp, er for tilfeldig. Kjetil Ostling, som er divisjonsdirektør for tjenester i Bufdir seier at Jeg Vet legg til rette for at det skal vere enkelt for barnehagar og skular å gi barn denne informasjonen.
– Jeg Vet er eitt av fleire tiltak som er laga for å førebygge vald og overgrep mot barn, og vi ynskjer sjølvsagt denne ressursen velkommen. Særleg fordi fokus er på å gi borna kunnskap om kva vald, overgrep og mobbing er. At dei får denne kunnskapen via Salaby, som er ein kjent læringsressurs for born i skulen, trur vi kan vere lurt, seier Linda Kvalvik ved RVTS Vest. – Vi underviser om vald og overgrep for ulike tenester i vår region, og Jeg Vet vil vere ein naturleg læringsressurs for oss å vise til som ein del av vårt arbeid.
Læringsressursen er valdsforebyggande og livsmeistringsfremjande, og er eit viktig bidrag inn i arbeidet med å sikre eit trygt og godt læringsmiljø for barn og unge. Læringsressursen er enkel og gratis å ta i bruk, og krev ingen pålogging.
Sjå film om Jeg Vet:
Fakta om Jeg vet
- Gratis læringsressurs for barnehagar og skular, tilgjengeleg på nettsida jegvet.no og salaby.no.
- Utvikla av Salaby (Gyldendal) på oppdrag frå Bufdir, i samråd med Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet.
- Inneheld alderstilpassa læringsopplegg om vald, overgrep og mobbing til barnehage, småskule, ungdomsskule og vidaregående.
- Innhaldet skal omsetjast til nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
- Læringsressursane er knytt opp mot lærerplan og rammeplan.
- Inneheld lærarveiledningar og informasjon om kva man kan gjere dersom man er bekymra for eit barn.
- Er eit av initiativa frå regjeringa sin tiltaksplan «En god barndom varer livet ut» (2014 –2017), som skal bekjempe vald og seksuelle overgrep mot barn og unge.
Kjelde: bufdir.no