Vi arrangerer “Oppmerksom på sjølvmordstankar” (OPS-kurs) i Bergen 9.mai og 10. mai (Klikk på dato for å melde deg på).
Kurset er eit halvdagskurs som hjelper deg å oppdage menneske med sjølvmordstankar.
Om kurset
Dei fleste som tenker på sjølvmord har enten direkte eller indirekte signalisert behov for hjelp. Kurset forbereder deltakarane til å oppdage at nokon har sjølvmordstankar, og hjelpe personen til å ta kontakt med nokon som kan gi vidare hjelp.
Korte filmar viser betydningen av å vere merksam på sjølvmordstankar. Diskusjonar og praktiske øvingar stimulerer til læring.
Kven kan delta?
Alle over 18 år som ønsker å hjelpe menneske med sjølvmordstankar.