Aktuelt
ICDP-opplæring i Botswana
- 04/04/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging ICDP Integrering Kultursensitiv Psykisk helse
Chiku Ali underviser i ICDP i Caborone, Botswana. Foto: Patrick O’Loughlin
Sidan haust 2016 har RVTS Vest hatt eit samarbeid om ICDP med Ark and Mark Trust i Gaborone, Botswana.
Ark and Mark Trust driv mykje viktig arbeid i Botswana, med barn og ungdommar som har mista foreldra sine. Dei tek utgangspunkt i lokale tradisjonar i Botswana og organiserer opphold for barn og ungdommar i grupper på leirer i bushen. Her er det ei god blanding av tradisjonelle overgangsriter, fysiske aktivitetar samt psykososialt arbeid. I tillegg har Ark and Mark Trust hatt eit ønske om å tilby noko til ungdommane sine omsorgsgjevarar.
Då leiaren, Masego Katisi tok doktorgraden sin ved Universitetet i Bergen, vart ho kjent med ICDP (International Child Development Programme) og Patrick O’Loughlin frå RVTS Vest. Det førte til eit samarbeid kor Patrick først reiste til Botswana for å undervise staben i Ark and Mark Trust i hoveddelane i ICDP. Etter dette vart dei samde om å arrangere ICDP-opplæring. Chiku Ali og Patrick gjennomførte opplæringa, som måtte tilpassast dei lokale forholda og ta omsyn til viktige kulturelle normer. Patrick og Chiku opplevde dette som ein vinn-vinn-situasjon, kor dei lærte mykje om kva ein må ta omsyn til når man bruker “vestlege tilnærmingar” i andre samanheng. Dette er viktig kunnskap som dei nyttar i sitt arbeid her heime.
28 personar frå byen Thamaga, samt 5 frå Ark and Mark Trust vart sertifisert som ICDP-rettleiarar i 2017 og fleire grupper for omsorgsgjevarar har blitt gjennomført etter dette. Modellen har fungert fordi Ark and Mark Trust har gitt mykje støtte lokalt, medan Patrick og Chiku har gitt rettleiing via jamnlege Skype-møter, samt delteke på avslutningsseminaret.
– Mange i Thamaga har blitt begeistra for ICDP og det er ikkje få historier om korleis kvadagen for både ungdommar, barn, samt foreldre/omsorgspersonar har blitt vesentleg betre. Målet er at ICDP-arbeidet på sikt skal drivast av folk i Botswana, seier Patrick.
I mars 2019 hadde Patrick og Chiku ei ny runde opplæring, kor Ark and Mark Trust hadde ei aktiv rolle og sto for delar av opplæringa. Dette fordi det er planlagt ei instruktøropplæring i 2020, som skal gjennomførast av Ark And Mark Trust sine folk.
Nokre bilete frå opplæringa i mars 2019:
[smartslider3 slider=2]