Aktuelt
Oppstart av sensorimotorisk psykoterapi nivå 2
- 06/03/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse sensorimotorisk psykoterapi Traume Traumebehandling
Illustrasjonsfoto: Borut Trdina/IStock
I samarbeid med Sensorimotor Psychotherapy Institute inviterer Solli DPS og RVTS Vest til vidareutdanninga sensorimotorisk psykoterapi nivå 2.
Dette er første gong nivå 2 av den anerkjente og populære utdanninga vert tilbudt i vår del av landet. Tidlegare har vi hatt to kull med nivå 1.
Fokus for denne utdanninga er korleis du kan inkludere kroppen i traumeterapi, til forskjell frå tradisjonell psykoterapi som rettar seg mot kognitive og emosjonelle sider av slike erfaringar.
Sensorimotorisk Psykoterapi bygger på ein psykodynamisk grunnforståing, men integrerer også element frå kognitiv atferdsterapi, nyare nevrovitskap og tilknytnings- og dissosiasjonteori. Mindfulness er heilt sentralt i tilnærminga.
Tony Buckley og Esther Perez frå Sensorimotor Psychotherapy Institute er førelesarar på utdanninga, og det er Sylvi R. Fiskerstrand og Bente Aa. Gjestad som har teke initiativ til å få utdanninga til Bergen.
Utdanninga har eit begrensa tal plassar, så det kan vere lurt å vere ute tidleg med påmelding.
Meir om utdanninga: Praktisk informasjon og påmelding