Aktuelt
Treng du hjelp til å handtere ei sak kor eit barn har forgrepe seg ?
- 04/03/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn Psykisk helse Skadelig seksuell atferd
Illustrasjonsfoto: unsplash.com
I region vest er det to konsultasjonsteam som tek imot bekymringar knytt til barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell atferd.
I Stavanger og Bergen tilbyr SSA konsultasjonsteamet anonyme drøftingar av konsultativ/rådgjevande art til fagpersonar som jobbar i spesialisthelsetenesta, konfliktrådet og barneverntenesta vedrørande oppfølging av barn og ungdom som viser problematisk eller skadeleg seksuell atferd (SSA).
Teamet oppfordrar dei øvrige teneste- og hjelpeapparata til å nytte seg av konsultasjonsteam i sine respektive kommunar/bydelar. Kommunar som ikkje har konsultasjonsteam, kan i samarbeid med sin lokale barnevernteneste ta kontakt med SSA konsultasjonsteamet når det gjeld barn og ungdom som viser problematisk eller skadeleg seksuell atferd (SSA).
I Stavanger er SSA-konsultasjonsteamet samansett av personar frå Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, RVTS Vest og Statens Barnehus Stavanger.
I Bergen er teamet samansett av personar frå RVTS Vest, V27, psykisk helsevern for barn og unge og Statens Barnehus i Bergen.
Kontaktinformasjon Stavanger
Statens Barnehus Stavanger
Telefon: 51 84 30 00
Kontaktinformasjon Bergen
Statens Barnehus Bergen
Telefon: 45 87 62 96 / 97
Relevant:
«De er alle barn» – nasjonal konferanse om skadelig seksuell atferd, 13. og 14. juni 2019