Aktuelt

Våren 2019 arrangerer vi kursa AIM Basic Awareness og AIM2 Utredning.

Basic awareness vert arrangert både i Haugesund og Stavanger, medan AIM2 Utredning vert arrangret kun i Stavanger.

AIM2 (Assesment–Intervention–Moving on) er eit program for oppfølging av barn og unge med ein skadeleg seksuell atferd. Programmet er utvikla i England og er oversatt og bearbeidd til norsk av kompetansemiljøet V27, ved Betanien BUP i Fyllingsdalen i Bergen.

Programmet har tre kursmodular, som bygger på kvarandre. Introduksjonskurs (AIM Basic), utgreiingskurs og behandlingskurs. Behandlingskurset vert satt opp seinare.

Barn og unge med skadeleg seksuell atferd. Nye kurs i 2019

AIM Basic Awareness

Innhald:

Grunnleggande fagkunnskap om skadeleg seksuell atferd (SSA) blant barn/ungdom. Nivådifferensiering av kunnskap, verktøy og behandling/intervensjonar. Kort om ERASOR verktøyet og AIM2 (Trafikklys – verktøyet. Praksis/øvelse).

Målgruppe:

Alle interesserte fagpersonar (kommunalt barnevern, helsesøstre, fastlegar, kommunale psykologar, ansvarlege ved skule/barnehage, ansvarlege for PU-tiltak, lokale BUPar, BUFetat, Statens barnehus, Konfliktrådet, Friomsorgen osv.)

Eg vil melde meg på i Stavanger

 

Eg vil melde meg på i Haugesund

AIM2 Utredning

Innhald:

Definisjonskontinuum (problematisk – skadelig seksuelle atferd), Trafikklys-verktøyet, ERASOR-verktøyet, historikk og framtid vedr. AIM2 verktøyet. Gjennomgang av utgreiingsrettleiaren for AIM2. Gjennomgang av skåringsledd. Skåring, vekting av ledd, finne ut av nivået på tilsyn- og oppfølgingsbehov-matrisa. AIM2 utgreiing for jenter, mentalt funksjonshemma, ungdom med fleirkulturell bakgrunn. Tryggleiksplanar.

AIM2 utgreiing er godkjent av Norsk Psykologforening som vedlikehaldskurs, 2 dagar x 6 t.

Målgruppe:

Dei som jobbar med utgreiing og behandling f.eks barnevern, barnehus, ungdomsoppfølging, kommunepsykologar og BUP. Bør ha delteke på AIM Basic awareness, men ikkje eit absolutt krav.

Eg vil melde meg på (Stavanger)

Kursholdere:

Birgit Hegge, klinisk vernepleier og spesialist i sexologisk rådgivning (NACS). Leder prosjekt for å betre samarbeid mellom barneverntenesta i Stavanger, Sandnes, Strand kommuner, Psykisk helse barn, unge og rusavhengige samt Bufetat.

Lars-Ole Vad Kristensen, psykologspesialist, BUP Bryne