Nyleg hadde vi besøk av professor Kari Dyregrov, kor ho la fram forskningsprosjektet “Etterlatte ved narkotikarelatert død”.
– Etterlatte ved narkotikarelatert død er et veldig understudert tema, trass i at vi årleg har kring 300 narkotikarelaterte dødsfall. Det er og svært lite forskning på dette temaet på verdsbasis. Det er mykje stigma og skam knytt til narkotikarelatert død, og dette vert i stor grad overført til dei etterlatte, sa ho.
Forskningsgruppa rekrutterer familiemedlemmer og nære vener til ein stor nasjonal spørreundersøking. Gjennom å dokumentere etterlattes situasjon både før og etter dødsfallet, og kva dei treng av hjelp og støtte, er prosjektets hovedmål å forbetre deira livskvalitet og daglege fungering.