Aktuelt
Med mål om å bli tryggare i å hjelpe barn, unge og familiar
- 08/11/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Sjølvskading Skadelig seksuell atferd Tidlig innsats Traume Traumebevisst traumesensitiv Unge Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
Nyleg starta vi opp kompetanseheving om vald og traumer for helsestasjonar i Gulen kommune.
Helsestasjonen har tatt initiativ til kompetanseheving knytta til vald og traumer og har invitert med seg nabokommunane Masfjorden og Sollund.
7. november hadde tilsette frå skule, barnehagar, helsestasjonar, PU-tenester, psykisk helse, legetenester og barnevern fagdag om vald, overgrep og traumeforståing. Det neste halve året vil fleire tilsette ved RVTS Vest bidra på kursdagar innan traumefeltet.
Helsesøster Linda Hantveit opna dagen med eit flott dikt om målsetjinga til Gulen helsestasjon:
Me på Gulen helsestasjon har ein draum:
Draum om at me alle blir tryggare på å sjå
Draum om at me alle vågar å sjå
Draum om at de gjev oss nye, fleire og sterkare briller å sjå med
Draum om at de gjev oss større mot til å sjå
Ein draum om at me alle i større grad vågar å setje ord på det me ser
Draum at me alle tørr å sei meir i frå
Ein draum om at me alle bryr oss litt meir om dei barn, unge og familiar som treng oss mest
Barnevernpedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Cathrine Eide frå RVTS Vest er ansvarleg for kompetansehevinga. Dei seier at det er kjekt å møte så motiverte fagfolk og ein kommune som ønsker å setje fokus på barn og unge. Linda Hantveit fortel at Gulen kommune er i gong med eit prosjekt for å auke kompetanse om vald og traumereaksjonar i helsestasjon og skulehelsestenesta, og denne kurspakken er ein del av prosjektet.
Sjå presentasjon av undervisninga Kompetanseheving for helsestasjon.
Relatert:
Alle helsestasjonar i Bergen kommune skal få kompetanseheving om vald og overgrep