Aktuelt
Bygge bro frå forsvaret til det sivile
- 14/11/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Traume Veteran
Konsekvensane for dei nærmaste, særleg for partnar og barn, har fått auka merksemd den siste tida.
13. mars arrangerer vi seminaret “FN/Nato veteraner og deres familie. Forsvarets tiltak – og det sivile ansvaret”. Målet med seminaret er å gi ei auka forståing for kva krigsteneste kan føre med seg, både for den enkelte som tenestegjer, men og for deira nære familie.
Bygge bro frå forsvaret til det sivile
Er ein veteran er ein eldre mann? Forsvaret sine veteranar er ei stor gruppe; 100.000 norske kvinner og menn har delteke i internasjonale operasjonar etter andre verdskrig. Mange er faktisk under utdanning framleis, mange er småbarnsforeldre og nokon er eldre menn.
Arbeidet med å førebygge skadar for den enkelte tenestemann/kvinne, og god oppfølging av dei som får problem, involverer mange aktørar. Vi ønsker å legge til rette for auka kompetanse om ivaretaking av veteranar og deira familie i det sivile, når Forsvaret sin oppfølgingsperiode på eitt år er over. Ivaretaking av pårørande er eit felles samfunnsansvar som forutset felles forståing og samarbeid på tvers.
Sjå forelesarar, program – og meld deg påRelatert