Personvern
Denne personvernerklæringa gjeld for RVTS Vest og forklarar kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis vi nyttar denne informasjonen og korleis vi tek omsyn til ditt personvern.
RVTS Vest, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarlig for vår behandling av personopplysningar. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå vår nettstide våre (personopplysningsloven § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningsloven § 18 1. ledd).
Kva opplysningar samlar vi inn?
For å kunne levere så gode tenester som mogeleg er vi avhengige av å samle inn ulike typar informasjon, inkludert personopplysningar om deg. Under følger ei oversikt over kva og korleis vi samlar inn personopplysningar.
Opplysningar ved kurspåmelding
Når du registrerer deg på våre kurs, må du oppgi ein del informasjon som vert lagra av oss, slik som navn, e-postadresse og fakturaopplysningar.
Vi nyttar Deltager.no til kurspåmelding. Med unntak av namn og organisasjon, som kan bli publisert på deltakarlister, vert ikkje dine personopplysningar delt med andre. Les forøvrig deltager.no sin personvernerklæring.
Evaluering av kurs (og spørjeundersøkingar)
Ved evaluering av kurs samlar vi inn opplysningar om kva brukarar meiner om kurs dei har delteke på. I tilfelle kor vi ikkje nyttar evaluering på papir, så nyttar vi tenesteleverandøren Surveymonkey.com. Informasjonen som vert samla inn her er anonymisert, og kan ikkje knyttast til spesifikke personar. Denne leverandøren har føringar for korleis dei behandlar personopplysningar, noko du kan lese om på deira nettside.
Nyhetsbrev
Når du melder deg på e-postlista for å motta RVTS Vest sitt nyhetsbrev, samlar vi kun inn e-postadressa di, og vil kun nytte denne til å sende ut nyhetsbrev. E-postadressa di blir ikkje gitt vidare til nokon tredjepart, og du kan når som helst melde deg av denne lista. E-postverktøyet vi nyttar til utsending heiter Mailpoet, og er ein nyhetsbrev-applikasjon utvikla for Wordpress.
Informasjonskapslar/cookies
RVTS Vest nyttar informasjonskapslar/cookies, som er små tekstfiler som vert lagra på brukaren sin datamaskin. Vi nyttar følgande informasjonskapslar:
Google Analytics: Les meir om dette i avsnittet under.
Dei fleste nettlesarar aksepterer informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv endre innstillingane i nettlesaren din slik at dette ikkje skjer. Slik administrerer du informasjonskapsler i nettlesaren din (nettvett.no)
Google Analytics
Vi nyttar Google Analytics for å analysere trafikk til nettsida vår. Det hjelper oss å forstå korleis besøkande nyttar tenestene våre. Analytics nyttar informasjonskapslar for å samle informasjon og rapportere statistikk om bruk av nettsida, utan at enkelte besøkande vert identifisert for Google. Døme på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varar, kva nettsider brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Hovudinformasjonskapselen som vert nytta av Google Analytics heiter «__ga». Les meir om Google Analyics informasjonskapslar.
Dine rettar
I henhold til norsk lov kan du når som helst få innsyn i kva opplysningar vi har lagra om deg, og få desse retta eller sletta dersom du ønsker det, ved å sende ein e-post til rvts@helse-bergen.no.
Endringar i personvernerklæringa
Vi vil med jamne mellomrom kunne oppdatere eller endre personvernerklæringa. Ved større endringar vil vi informere om dette.