Aktuelt
Stigma, tabu og ”Breaking walls of Silence”
- 27/06/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Enslig mindreårige Flyktninghelse Førebygging Helseskadelege tradisjonar Integrering Kultursensitiv Overgrep Psykisk helse Radikalisering Vold Voldelig ekstremisme
I samband med at Alyas Karmani er i Bergen for å førelese på Septemberkonferansen 2018: Traumer og utenforskap, arrangerer vi temadagar i Stavanger og Førde, kor han står for undervisninga.
Alyas har utstrakt erfaring med rådgjeving og terapi, og held for tida på med ein doktorgrad. Han er også imam og tidlegare ekstremist. På grunn av si fortid som ekstremist, var han ein av dei som deltok i filmen Jihad av Deeyah Khan.
Om temadagen Stigma, tabu og ”Breaking walls of Silence”
For å engasjere samfunn som er vanskelege å nå, må vi skape arenaer som gjer det er mogeleg. Først då kan vi ha utfordrande diskusjonar om tabuiserte problemstillingar. Vanskelege samtalar er naudsynte og viktige dersom vi skal bygge godt fungerande lokalsamfunn. Å legge til rette for diskusjon og skape trygge arenaer, krev spesielle verktøy og ferdigheiter.
Alyas Karmani meiner at alle problem kan diskuterast, sjølv om dei er særleg utfordrande. Oppfatninga vår stemmer ofte ikkje med røynda. Det handlar om korleis og kven.
Samfunn som vi ser på som vanskelege å nå, blir ofte ignorert og unngått. Alyas meiner imidlertid at det alltid er ein veg inn. Han har jobba med område som vert sett på som særleg utfordrande: Seksuell helse og utdanning, vald i nære relasjonar, valdelig ekstremisme, seksuelle overgrep og psykisk helse.
På temadagen snakkar Alyas Karmani om arbeidet sitt og korleis skape arenaer for utfordrande diskusjon, som kan gje svar på årsakene til problema. Arbeidet hans er forankra i transkulturell og tverrkulturell kommunikasjon.
Temadagen vert arrangert i Stavanger den 3. september og i Førde den 5. september.
Full biografi og utfyllande informasjon om dagen Invitasjon i PDF
Påmeldingsfrist er 24. august (eller når arr. er fullteikna):