Aktuelt
Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn
- 25/06/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn Bedre tverrfaglig innsats BTI
Tilskotsmidlene skal styrke kommunene sitt utviklingsarbeid, førebyggande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering
og marginalisering av barn og unge.
Bufdir forvaltar tilskotsordninga i samråd med Helsedirektoratet. Delar av bevilgninga er øyremerka kommunar som har pågåande prosjekttilskudd frå Helsedirektoratet si tilskotsordning «Bedre tverrfaglig innsats» (BTI) i 2017.
Bufdir vil i samarbeid med Helsedirektoratet bistå og rettleie kommunane med utviklingsarbeidet. For 2018 er det satt av 30,2 mill. kroner til formålet på statsbudsjettet.
Rapporteringsfrist: Prosjektperioden er i utgangspunktet to år frå vedtaksdato, med delrapportering etter eitt år og sluttrapportering etter to år. Kommunar som mottok tilskot frå Bufdir i 2016 til modellutvikling, kan søke om tilskot til implementering av kommunen sin modell, mv. Prosjektperioden er då eitt år frå vedtaksdato, med sluttrapportering ved prosjektperiodens utløp.
Søknadsfrist: 20. august 2018
Les meir og søk via BUFdir si nettside
Kjelde: BUFdir si nettside