Aktuelt
Podkast-episode om Eirik Poppe sin film om Utøya
- 20/04/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Podcast Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Traume Traumebehandling
Frå venstre: Reidar Thyholdt og Venke A. Johansen, saman med Dennis Havre (midten), som har teknisk ansvar for podkast-sendingane.
I denne podkast-episoden samtalar Reidar Thyholdt og Venke A. Johansen om filmen “22. juli” regissert av Eirik Poppe.
Prioritering av psykososial ivaretaking har blitt skjerpa, og det har vore ei betydeleg kunnskapsutvikling og auke når det gjeld handlingskompetansen på feltet etter 22. juli 2011. Venke A. Johansen har vore aktivt involvert i RVTS Vest sitt arbeid med kompetanseheving i åra etterpå.
Ho har vore delaktig i fleire samlingar for overlevande, og har hatt samarbeid med støttegruppa. Ho har også vore med på å skrive rettleiaren «Mestring, samhørighet og håp. Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer», IS-2428, 2016 (utgjeve av Helsedirektoratet). Ho er utdanna intensivsjukepleiar og hennar doktorgradsavhandling og seinare forskning omhandlar posttraumatiske stressreaksjonar og konsekvensar for livskvalitet etter fysisk vald, kor ho har fulgt utsette som ikkje er i nær familie med valdsutøvar.