Aktuelt
Tidleg innsats i Stavangerbarnehagane
- 13/04/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Tidlig innsats tilknytning Traumebevisst Traumebevisst omsorg traumesensitiv Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
Dag Nordanger føreles om toleransevinduet. Foto: Anne Abrahamsen
“Hver enkelt av dere kan være utrolig viktig for et barn. Og husk alltid på at profesjonaliteten deres må være varm”.
Dette skreiv Forandringsfabrikken på Facebook-sida si då dei nyleg underviste saman med Dag Nordanger frå RVTS Vest på ein kursdag for alle barnehagane i Stavanger kommune.
– Dette var andre gongen vi arrangerte grunnkurset for barnehagane. Forrige pulje fekk med seg kurset i januar, seier Anne Abrahamsen, som koordinerer arbeidet med kursdagen for Stavanger kommune. – Totalt har over 2000 barnehagetilsette fått den same undervisninga.
– I Stavanger kommune held vi på med å implementere kompetanseplattformen, som innheld fire søyler for kompetanseheving; Relasjonskompetanse, Interkulturell kompetanse, Språkkompetanse og Tidliginnsatskompetanse.
– Kursdagen med Forandringsfabrikken og Dag Nordanger er under Tidliginnsatskompetanse.
– Grunnkursdagane i 2018 skal vere med å gje barnehagene den påkrevde basiskompetansen og handlingskompetansen som er naudsynt for å kunne gje alle barn rett hjelp og støtte til rett tid i sin utvikling.
Viktig med erfaringskompetanse
– Vi hadde eit ønske om å ha med oss ungdom og proffar frå Forandringsfabrikken, for å kaste lys over tematikken frå eit konkret erfaringsperspektiv. Dei delte historiar og erfaringar frå eigen barndom, noko som understreka kor viktig det er med tidleg innsats frå vaksne som er merksame og til stades.
– For å belyse betydninga av tidleg innsats frå eit meir teoretisk og psykologisk perspektiv, inviterte vi Dag Nordanger frå RVTS Vest. Vi ville få inn kunnskap om traumebevisst omsorg og toleransevinduet, for at dei som jobbar i barnehagane skal ha eit felles fagspråk i barnehagen.
– Eg tenker at det er viktig å forstå kor stor makt vi som vaksne har. Det vi seier og gjer kan ha stor betydning for eit barn. Vi har satsa på denne opplæringa nettopp fordi vi vurderer den som så verdifull og heilt avgjerande kunnskap for dei som dagleg møter dei minste barna.
– I tillegg er det veldig kjekt å jobbe med RVTS Vest, då de har oppdatert kunnskap om tematikken, avsluttar ho.
Ei gåve
Dag Nordanger set stor pris på kvar anledning han får til å undervise for tilsette i barnehagar, og særleg når det er så mange samla.
– For meg var det ei gåve å dele dagen for tusen barnehagetilsette med Hege Eika Frey og proffane frå Forandringsfabrikken, seier Dag. – Dei er på ein måte sannhetsvitnene på det eg forsøker å formidle frå ein forskarståstad, og det finnast heller ingen målgruppe som er viktigare enn barnehagene.
– Eg rettar ein stor takk til Anne Abrahamsen og hennar medarrangørar i Stavanger kommune for å bringe oss saman på denne måten, avsluttar han.
Forandringsfabrikken fekk mykje ros for sine innlegg på kursdagen. Her frå Facebook-sida deira: